Nokre gonger er sjølve vegen målet. Slik er det med Gamle Strynefjellsvegen. Den nasjonale turistvegen frå Vestlandet til Austlandet er ei freda vegstrekning, i tillegg til å være målbindande vakker. Vegen er i seg sjølv ein attraksjon og vitnemål om eit mesterstykkje innan ingeniørkunst frå ei svunnen tid. Det er eit historisk sus over vegen som vart bygd med handmakt på slutten av 1800-talet. Delar av vegen kjører du på gamle grusvegar som gir deg ei kjensle av å reise tilbake i tid. Det skal du nyte. Ta deg tid, finn roa og la landskapet omfamne deg. Den gamle vegen byr på store landskapskontrastar; i aust er det runde former prega av istida, mens det i vest er stupbratte fjellsider. Tar du med deg ein kajakk på turen, kan du få padle i flotte fjellvatn. Det turkise vatnet omkransa av spisse fjelltoppar kan ta pusten frå deg. Det kan også ein ganske vanleg fottur gjere. Dette er nokre få eksempler på mange fantastiske opplevingar langs Gamle Strynefjellsvegen. For det er nemleg ikkje utan grunn at vegen har imponert reisande i over 100 år.

Historia

Da turismen begynte å bli ei viktig næring for fjordbygdene dei siste tiåra av 1800-talet, dukka dei første tankane om ein kjøreveg over Strynefjellet opp. I 1881 vart det derfor beslutta å byggje ein veg, og rallarar frå Sverige og lokale krefter gjekk i gang med det tunge anleggsarbeidet. Vegen stod klar i 1884, og den framstår ganske urørt framleis. Her finn du gamle handlaga murar, og stabbesteinar som står i lange rekkjer langs vegen. Dette er autovern frå ei tid då hest og kjerre var vanlegare enn bil. Spor av gamle kløvstiar som vart brukt til ferdsel mellom aust og vest, går rett ved sida av vegen. På Gamle Strynefjellsvegen finn du også gamle steinheller som vegfarande brukte til overnatting.

Opplevingar

Når fjellet skifter til haustdrakt er Gamle Strynefjellsvegen verkeleg praktfull. Naturen er alltid like vakker, men haustfargane gir ein heilt anna glød og oppleving. Alle som likar nærleik til friske fossefall må leggje inn tid til å stoppe på utsiktspunkta ved Øvstefossen og Videfossen. Tar du turen på sykkel får du verkeleg igjen for innsatsen på Norges eldste turistveg.

Nasjonal turistveg Gamle Strynefjellsvegen går mellom Grotli og Videsæter og er 27 km lang (veg 258). Den litle staden Hjelle har og ein viktig rolle for turistvegen då gamlevegen starta ved brygga i Hjelle.

Nasjonal turistveg Gamle Strynefjellsvegen er stengd i vinterhalvåret. Røde flagg i kartet viser hvor strekningen stenges. Strekninga er normalt stengd i oktober og opnas igjen i juni.



Strekninga er tidvis smal og svingete og har restriksjonar for lengde på buss. Maksimal lengde er 12,4 meter.

I menyen under finn du nokre lenker som vi håper kan vera til hjelp. For ytterligare turistinformasjon ber vi om at spørsmål blir retta til lokale og regionale reiselivsaktørar.