Videfossen - Gamle Strynefjellsvegen - www.nasjonaleturistveger.no
 

Den over 100 år gamle vegen mellom aust og vest er ei oppleving i seg sjølv. Gamle handlaga murar av nøye tilhogge stein og lange rekkjer av stabbesteinar kjenneteiknar strekninga over fjellet. I gamle dagar var det mange ruter over fjellet som vart brukt til kløving og riding, men det var strabasiøse og tunge turar. Derfor vart det i 1881 bestemt å byggje veg, og rallarar frå Sverige og lokale krefter gjekk i gang med det tunge anleggsarbeidet. I 1884 stod vegen klar, og den ligg der framleis som eit minnesmerke over ei tid som har gått.

Grotli, ved den austre delen av vegen, var frå tidligare møtepunkt for reisande mellom aust og vest, og i gamle dagar kom mange cruiseturistar hit for å oppleve norsk fjellnatur. Vegen byr alltid på ein vakker køyretur og i sterke haustfarger er den i særklasse.

Nasjonal turistveg gamle Stynefjellsvegen går mellom Grotli og Videsæter. Strekninga er 27 kilometer lang.

Vegen er vinterstengt og er open frå tidleg i juni til snøen kjem.



Informasjon om Nasjonal turistveg Gamle Strynefjellsvegen, pdf for nedlasting.

Reiseinfo Gamle Strynefjellsvegen

Nasjonal turistveg Gamle Strynefjellsvegen er stengt i vinterhalvåret  (se strekningskart, røde flagg viser vinterstengte Nasjonale turistvegar). Strekningen er normalt stengt i oktober og åpnes igjen i juni.

Restriksjoner for buss: Strekningen har restriksjoner angående lengde på buss, maksimalt 12,4 meter

For informasjon om overnatting, turforslag og tilbod om mat og drikke mm, ber vi om at spørsmål blir retta til lokale og regionale reiselivsaktørar. I menyen til venstre finn du nokre lenker som vi håper kan være til hjelp .

God tur!

Videfossen utsiktspunktet.

Foto: Hege Lysholm
Videfossen utsiktspunktet.

Foto: Hege Lysholm
Videfossen og utsiktsplattformen.

Foto: Roger Ellingsen
Videfossen og utsiktsplattformen.

Foto: Roger Ellingsen
Kart over strekningen med steder omtalt under menyen "Arkitektur". Røde flagg viser vinterstengte turistveger.

Ønsker du å planlegge reisen eller se på detaljerte kart, finner du lenker til kart og ruteplanleggere under menyen "Reiseinfo".
Oversikt over flere strekninger i samme region.

Ønsker du å planlegge reisen eller se på detaljerte kart, finner du lenker til kart og ruteplanleggere under menyen "Reiseinfo".
Videfossen

Videfossen.

 Utsiktspunkt. Fossen har vore ein attraksjon sidan turisttrafikken starta over fjellet i forrige århundre. Hotellet har bygd ny parkeringsplass og krev nå betaling for parkering av besøkende til utsiktspunktet. Arkitekt: Jensen & Skodvin.
Her finner du to enkle kart over strekning og region. Kart 1 gir en geografisk oversikt over strekningen. I regionen finnes flere Nasjonale turistveger. Ønsker du å besøke flere strekninger gir Kart 2 en rask oversikt. For nærmere planlegging av turen eller detaljerte kart, se lenker under menyen "Reiseinfo".
Velg en strekning