Gaularfjellet er ein godt bevart løyndom for dei fleste, men for alle som har oppdaga vegen står den fram som noko heilt spesielt. Sjølv om vegen kanskje ikkje kan by på det mest spektakulære, så ligg kvaliteten i detaljane og finns der for alle som tar seg tid til å leite. Kjøreturen går langs fjorden før vegen slynger seg opp mot det høgaste punktet på Gaularfjell. På rasteplassen ved Utsikten kan du nyte synet av både fjellandskapet, dalen og fjorden. Vegen følgjer Gaularvassdraget som er eit av få vassdrag som er verna, og byr på alt frå ville stryk og fossar til rolege parti der vatnet flyt stille av stad. Du får ei fin oppleving av berre å kjøre vegen langs vassdraget og følgje den naturlege ruta som vatnet tar ned frå fjellet, men den verkelege nærleiken til naturen får du dersom du tar beina fatt. Frå Nystølen til Eldal er det bygd ein samanhengande ”fossesti” på nesten 25 kilometer. Du kan gå heile, eller velgje å ta ein liten spasertur i skikkeleg nærkontakt med vassdraget. Brua som er bygd over Likholefossen, er for mange høgdepunktet. Følelsen av å vere midt ute i ein foss og verkeleg kjenne på kreftene i vatnet er ei dramatisk oppleving. I det store og heile er Gaularfjellet eit landskap som viser oss at alt ikke treng å være i stor skala, her ligger opplevinga i det som er litt mindre. Gaularfjellet er ei roleg og avdempa oppleving, her er det ikkje mykje stress og mas, berre elva som renn langs vegen.

Historia

I 1853 vart det for første gang søkt om midlar til å byggje veg over fjellet, men det skulle gå nesten 100 år før den blei ein realitet. Vegen vart raskt ei viktig ferdselsåre frå den vart opna i 1938, men i dag er den eit fredeleg alternativ til hovudvegane som tar det meste av trafikken.

Opplevingar

Det er enkle og funksjonelle punkt langs heile vegen som gjer det råd å stoppe, strekke på beina eller berre nyte detaljane eller utsikta. Her er det rikeleg med stader der ein kan prøve aurefisket, og alle som har fiska veit at det handler om late snøret henge ute og vente. Litt slik som det er å kjøre denne vegen, det er her du skal ta deg god tid og la opplevinga langsamt vekse fram.

Likholefossen har vi nemnt, Balestrand er ein flott start på turen, der er det også råd å ta båt inn til Fjærland og besøke bremuseet. Ein fin måte å oppleve fjorden, og ein god start på turen over fjellet.

Nasjonal turistveg Gaularfjellet går mellom Balestrand - Moskog og mellom Sande - Eldalsosen og er 114 km lang (veg 55/13/610). Frå Balestrand er det mogelig å ta fine avstikkarar. Ein båttur som endar nesten ved Jostadalsbreen er eit fint sett og oppleva naturen på.

Vegen er vinterstengd over Gaularfjellet mellom Mel og Mjell. Strekninga er normalt stengd i desember og opnas igjen i mai.

I menyen til under finn du nokre lenker som vi håper kan vera til hjelp. For ytterligare turistinformasjon ber vi om at spørsmål blir retta til lokale og regionale reiselivsaktørar.