Likholefossen - Gaularfjellet - www.nasjonaleturistveger.no
 
Ei fredeleg ferd langs verna vassdrag, fossar og ein stille fjordarm. Vegen går langs ein arm av verdas lengste fjord, Sognefjorden, før den smyg seg opp dei bratte dalsidene mot fjellet. Vegen vidare følgjer det verna Gaularvassdraget som er kjent for sine mange fossefall, men som også har stryk og rolege fjellvatn.

Langs delar av vassdraget er det bygd fossesti for å gjere dei sjåverdige partia meir tilgjengelege. Her kan barn og vaksne oppleve aurefiske på sitt beste og vandre på fine stiar langs fossar og stryk. Her er det også tilbod om båtutleige og gode tilhøve for dei som likar å vandre i fjellet. Frå turiststaden Balestrand er det gode høve til å ta avstikkarar, og ein fin måte å oppleve naturen på er båtturen inn til Fjærland og bremuseet der. 

Nasjonal turistveg Gaularfjellet mellom Balestrand - Eldalsosen - Moskog og Eldalsosen og Sande er 130 kilometer lang.

Strekninga mellom Mel og Mjell på Gaularfjellet er vinterstengt.



Informasjon om Nasjonal turistveg Gaularfjellet, pdf for nedlasting.

Reiseinfo Gaularfjellet

Nasjonal turistveg Gaularfjellet er i vinterhalvåret stengt over Gaularfjellet mellom Mel og Mjell (se strekningskart, røde flagg viser vinterstengte Nasjonale turistvegar). Strekningen er normalt stengt i desember og åpnes igjen i mai.

For informasjon om overnatting, turforslag og tilbod om mat og drikke mm, ber vi om at spørsmål blir retta til lokale og regionale reiselivsaktørar. I menyen til venstre finn du nokre lenker som vi håper kan være til hjelp.

God tur!

Brua over Likholefossen i Gaula.

Foto: Bjørn Andresen
Brua over Likholefossen i Gaula.

Foto: Bjørn Andresen
Brua over Likholefossen i Gaula.

Foto: Bjørn Andresen
Brua over Likholefossen i Gaula.

Foto: Bjørn Andresen
Brua over Likholefossen i Gaula.

Foto: Jarle Wæhler
Brua over Likholefossen i Gaula.

Foto: Jarle Wæhler
Detalj av brua.

Foto: Jarle Wæhler
Detalj av brua.

Foto: Jarle Wæhler
Brua over Likholefossen i Gaula.

Foto: Jarle Wæhler
Brua over Likholefossen i Gaula.

Foto: Jarle Wæhler
Rasteplassmøblar ved Likholefossen.

Foto: Jarle Wæhler
Rasteplassmøblar ved Likholefossen.

Foto: Jarle Wæhler
Brua over Likholefossen i Gaula.

Foto: Jarle Wæhler
Brua over Likholefossen i Gaula.

Foto: Jarle Wæhler
Kart over strekningen med steder omtalt under menyen "Arkitektur". Røde flagg viser vinterstenge turistveger.
Oversikt over flere strekninger i samme region.
Likholefossen

Likholefossen.

 Gaularvassdraget er kraftfullt og vilt, og ein tur på den spenstige stålbrua over Likholefossen gir deg nærkontakt med krafta i fossen, spesielt når vassføringa er stor. Frå brua kan du vandre vidare på "fossestien" langs det verna vassdraget. Arkitekt: Nordplan - Arild Waage.
Her finner du to enkle kart over strekning og region. Kart 1 gir en geografisk oversikt over strekningen. I regionen finnes flere Nasjonale turistveger. Ønsker du å besøke flere strekninger gir Kart 2 en rask oversikt. For nærmere planlegging av turen eller detaljerte kart, se lenker under menyen "Reiseinfo".
Velg en strekning