Hereiane - Hardanger - www.nasjonaleturistveger.no
 
Nasjonal turistveg Hardanger går gjennom eit naturskjønt og tradisjonsrikt kulturområde, der reisande har oppsøkt fjell, fjord, fossar og fonn i meir enn hundre år.

I Hardanger er det dyrka frukt sidan 1300-talet. Jordsmonnet langs fjordane gir frukta ein særeigen frisk og syrleg smak og i sesongen kan ein kjøpe frukt i små utsal langs vegen. Hardanger er nasjonalromantikken si vogge og kunstnarar har til alle tider blitt inspirerte av den storslåtte vestlandsnaturen. Båtbygging og annan industri går hand i hand med dei føresetnadene som naturen gir.

I Nasjonal turistveg Hardanger inngår strekningane Granvin og Steinsdalsfossen, Norheimsund og Tørvikbygd, Jondal og Utne, Kinsarvik, Odda og Låtefoss. Total lengd er 158 kilometer. Det går ferje frå Tørvikbygd til Jondal og frå Utne til Kinsarvik.

Informasjon om Nasjonal turistveg Hardanger, pdf for nedlasting.

Reiseinfo Hardanger

Nasjonal turistveg Hardanger er sammensett av fleire vegstrekningar (sjå kart). Det er ferjesamband både på og mellom strekningane. Ved å klikke på den aktuelle ferjestrekninga, kjem du til val av ruteopplysningar.
 
Som samband mellom riksveg 13, fylkesveg 550 og fylkesveg 7, er det ferjeruter mellom Kinsarvik - Utne - Kvanndal og Jondal - Tørvikbygd . Ønskjer du fleire opplysningar om ferjene, finn du lenker i menyen til venstre.

Nasjonal turistveg Hardanger er åpen for trafikk heile året. Strekningen over Hardangervidda kan i korte perioder være stengt ved dårleg ver om vinteren.

Restriksjoner for buss: Strekningen på fylkesveg 550 mellom Alsaker og Herand har restriksjoner angående lengde på buss, maksimalt 12,4 meter.

For informasjon om overnatting, turforslag og tilbod om mat og drikke mm, ber vi om at spørsmål blir retta til lokale og regionale reiselivsaktørar. I menyen til venstre finn du nokre lenker som vi håper kan være til hjelp.

God tur!

Et av Norges mest spesielle toalettbygg på Hereiane rasteplass i Jondal.

Foto: Jiri Havran
Et av Norges mest spesielle toalettbygg på Hereiane rasteplass i Jondal.

Foto: Jiri Havran
Hereiane rasteplass ved Hardangerfjorden i Jondal.

Foto: Jørn Hagen
Hereiane rasteplass ved Hardangerfjorden i Jondal.

Foto: Jørn Hagen
Et av Norges mest spesielle toalettbygg på Hereiane rasteplass i Jondal.

Foto: Hege Lysholm

Kart over strekningen med steder omtalt under menyen "Arkitektur".

Ønsker du å planlegge reisen eller se på detaljerte kart, finner du lenker til kart og ruteplanleggere under menyen "Reiseinfo".
Hereiane

Hereiane.

 Ved denne idylliske rasteplassen med fjordutsikt, ligg eit heilt spesielt toalett, bygd med tak og veggar av lokal naturstein. Rasteplassen på Hereiane ligg i et område med spesiell topografi med glatte svaberg heilt frå fjorden og opp mot høgfjellet. Plassen har flott fjordutsikt og ligg like ved Jondal kommunes tusenårsstad. Arkitekt: Asplan Viak v/Knut Hellås/3RW v/Susanne Puchberger.
Her finner du et enkelt kart med geografisk oversikt over strekningen. Ønsker du å planlegge reisen eller se på detaljerte kart, finner du lenker til kart og ruteplanleggere under menyen "Reiseinfo".
Velg en strekning