Frå dei grøne engene og det frodige kulturlandskapet i Bøverdalen kan du ane dei mektige fjella i det fjerne, og langsamt stig vegen opp gjennom dalen. Det går oppover til toppunktet som er skilta 1434 meter over havet, og som gjer vegen til Nord-Europas høgaste fjellovergang. Vegen startar i Lom, og allereie før du kjører ut av den lille bygda begynner forventningane å byggje seg opp. Det er ikkje alle turistvegar som har ei slik naturleg dramaturgisk oppbygging med mange og mektige inntrykk. Langs vegen er det fleire stader der utsikta er spesielt spektakulær, og her ligg utsiktspunkta og ventar på at du skal ta ein pause og verkeleg la naturen synke inn. På Mefjellet rasteplass finn vi Knut Wolds fantastiske skulptur som, enten ein likar det eller ikkje, lar oss sjå fjellandskapet på ein annen måte. På vegen vidare ned mot Sognefjorden viser fjellheimen seg fra si villaste side, og der Hurrungane kneiser mot himmelen slepp fjellet plutseleg taket og landskapet endrar seg igjen. Ut mot Gaupne, som er endepunktet på strekninga, går vegen heilt nede langs den vakre Sognefjorden der det klare vatnet endrar seg fra grønt til blått etter lys og ver. Kva gjer du når du er framme? Tar ein pust i bakken, og lar inntrykka falle til ro. Nokon snur og kjører samme vegen tilbake, og blir overraska over kor annleis alt er. Alt er det same, men likevel er det som å sjå naturen på ny.

Historia

Vegen over Sognefjellet var ei viktig ferdselsåre som batt kysten og innlandet saman. Det var handelstrafikk som frakta salt og fisk austover, mens smør, tjøre og skinn vart frakta vestover. I gamle dagar var det ikkje utan risiko å ferdast over fjellet - i fjellet var det fant som rana vegfarande og handelsmenn.

Naturen har også ein styrke det kan være vanskeleg for mennesker å utfordre. På vinterstid er veret så hardt og snømengdene så store at det er uråd å halde vegen open. Tar du turen rett etter opninga om våren, vil dei opptil ti meter høge brøytekantane være eit synleg bevis på styrkeforholdet i fjellet om vinteren. Det er naturen som bestemmer, og vi får ei påminning om at det er vi som må innrette oss.

Opplevingar

Stavkyrkja i Lom er verd eit besøk, og er ei god markering på starten eller slutten av turen. Lom har også blitt eit slags kulinarisk knutepunkt i Norge, og det ligg til rette for å få eit godt måltid med lokale råvarer og gode smaker. Turtilboda i Jotunheimen er uendelege, og nesten same kor du stoppar kan du finne alternativ som passar alle - uansett kor dyktig du er eller kva ambisjonar du har.

Nasjonal turistveg Sognefjellet går mellom Lom og Gaupne og er 108 km lang (veg 55).

Vegen over fjellet mellom Liasanden og Turtagrø er normalt stengt i november og opnas igjen i mai. Raude flagg i kartet viser kvar strekningen blir stengt.

I menyen under finn du nokre lenker som vi håper kan vera til hjelp. For ytterligare turistinformasjon, ber vi om at spørsmål blir retta til lokale og regionale reiselivsaktørar.