Liasanden - Sognefjellet - www.nasjonaleturistveger.no
 
På denne reisa med lange ferdselstradisjonar mellom aust og vest, køyrer du over Nord-Europas høgaste fjellovergang på 1434 meter over havet. Sognefjellsvegen går frå frodige kulturlandskap i Bøverdalen i aust, via høgfjellsplatået med vidsyn til isbrear og mektige fjell, ned igjen gjennom dalar til det inste av Sognefjorden og stille bygder i vest. Vegen over Noregs tak byr ikkje berre på fjell, men også fjord og dal, og eit landskap fullt av kulturminner.

Lom stavkyrkje er eit av mange høgdepunkt på turen. Vegen var i gamle dagar ei viktig ferdselsåre mellom kysten og innlandet. Salt og fisk vart frakta austover, medan smør, tjøre og skinn gikk vestover. Frå gammalt av var det lurt av bønder og kjøpmenn å halde saman på turen over fjellet for ikkje å bli rana av fantar. I dag er det trygt å ferdast over fjellet, og spenninga langs vegen ligg no i møtet mellom storslått høgfjellsnatur, kunst og arkitektur.

Nasjonal turistveg Sognefjellet går mellom Lom og Gaupne og er 108 km lang.

Vegen over fjellet er vinterstengt, og tidleg i mai kan du oppleve opptil 10 meter høge brøytekantar.

Informasjon om Nasjonal turistveg Sognefjellet, pdf for nedlasting.

Reiseinfo Sognefjellet

Nasjonal turistveg Sognefjellet er stengt i vinterhalvåret (se strekningskart, røde flagg viser vinterstengte Nasjonale turistvegar). Strekningen er normalt stengt i november og åpnes igjen i mai.

For informasjon om overnatting, turforslag og tilbod om mat og drikke mm, ber vi om at spørsmål blir retta til lokale og regionale reiselivsaktørar. I menyen til venstre finn du nokre lenker som vi håper kan være til hjelp.

God tur!

Karakteristiske rasteplassmøbler på Liasanden rasteplass inne i furuskogen i Leirdalen, Lom.

Foto: Jiri Havran

Beskyttelse av trestammer på Liasanden rasteplass i furuskogen i Leirdalen.

Foto: Nils Petter Dale
Beskyttelse av trestammer på Liasanden rasteplass i furuskogen i Leirdalen.

Foto: Nils Petter Dale
Karakteristiske rasteplassmøbler på Liasanden rasteplass inne i furuskogen i Leirdalen, Lom.

Foto: Jarle Wæhler
Karakteristiske rasteplassmøbler på Liasanden rasteplass inne i furuskogen i Leirdalen, Lom.

Foto: Jarle Wæhler
Toalettbygning på Liasanden rasteplass inne i furuskogen i Leirdalen, Lom. 

Foto: Jarle Wæhler
Toalettbygning på Liasanden rasteplass inne i furuskogen i Leirdalen, Lom.

Foto: Jarle Wæhler
Informasjon på Liasanden rasteplass inne i furuskogen i Leirdalen, Lom.

Foto: Jarle Wæhler
Informasjon på Liasanden rasteplass inne i furuskogen i Leirdalen, Lom.

Foto: Jarle Wæhler
Fra Liasanden rasteplass i Bøverdalen, Lom.

Foto: Werner Harstad
Fra Liasanden rasteplass i Bøverdalen, Lom.

Foto: Werner Harstad
Kart over strekningen med steder omtalt under menyen "Arkitektur". Røde flagg viser vinterstengte turistveger.
Oversikt over flere strekninger i samme region.
Liasanden

Liasanden.

 Inne i furuskogen i Leirdalen i Lom finn du ein annleis rasteplass der du bør ta deg tid til å stoppe. Her er det trea og terrenget som har bestemt korleis rasteplassen skulle formast heilt ned til minste detalj. Arkitekt: Jensen & Skodvin.
Her finner du to enkle kart over strekning og region. Kart 1 gir en geografisk oversikt over strekningen. I regionen finnes flere Nasjonale turistveger. Ønsker du å besøke flere strekninger gir Kart 2 en rask oversikt. For nærmere planlegging av turen eller detaljerte kart, se lenker under menyen "Reiseinfo".
Velg en strekning