Dei fleste turistvegane er spesielle same kva retning du kjører dei, men akkurat Aurlandsfjellet vil vi sei framstår med ein perfekt dramaturgi dersom du startar i Lærdal og kjører mot Aurlandsvangen. Den gir deg mange sterke inntrykk, og kontrastane er store frå fjorden til høgfjellet der snøen ligg store deler av året. Noko av det mest karakteristiske ved denne vegen, er at strekninga er aude og går gjennom eit landskap som framstår som heilt urørt. Dette er ikkje berre det mest markerte ved strekninga, men også kanskje det som gjer dette til ei eksotisk oppleving. Bortsett da frå kraftlina som vitnar om at vi menneskje også er her. Vegen er vinterstengd, men frå Aurlandsvangen er den open opp til utsiktspunktet på Stegastein heile året. Mange opplever det nye utsiktspunktet her like spektakulært som sjølve utsikten. Om vinteren er det likevel fascinerande å sjå at landskapet endrar karakter frå å vere eit bilete i fargar til å bli eit uttrykk i svart og kvitt med nyansar av grått. Det er ikkje alltid vi tenkjer på slike ting som noko spesielt, men det handlar ofte om å ta seg tid til å sjå. Ta deg tid til å oppleve kunstverket ”DEN” av den amerikanske kunstnaren Mark Dion på Vedahaugane, og hugs at kunst skal vekkje følelsar.

Historia

Vegen vart opna i 1967, og starten for vegen slik den er i dag var ein anleggsveg. Vegen går frå Lærdalsøyri til Aurlandsvangen over fjellet og har eit toppunkt på 1306 meter over havet. Vegen er vinterstengd og det ligg snø på fjellet også store deler av sommaren. Når vegen blir kalla ”snøvegen”, er det eit namn den ber med rette.

Opplevingar

Nokre gonger handlar opplevinga om at vi får høve til å sjå noko akkurat slik det er, korkje meir eller mindre. Det som for mange gjer sterkast inntrykk på Aurlandsfjellet, er kjensla av å være ein stad der det ikkje er så mange spor etter menneskje. Du blir som ein gjest på ein stad der ingen hadde tenkt at du skulle vere. Her ligg kvaliteten i dei små tinga, som å kjenne på snøen eller stikke tærne i iskaldt fjellvatn. Det aude landskapet i seg sjølv er spesielt, og reisa går frå fjord til fjell, frå frodige dalsider til ein steinørken på høgfjellet. Turen gir mange og sterke kontrastar på ei kort strekning.

Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet går mellom Aurlandsvangen og Lærdalsøyri og er 47 km lang (veg 243). Tettstaden Lærdalsøyri, Flåmsbana, Aurlandsdalen og Nærøyfjorden er noen av attraksjonane i nærleiken av strekninga. Ein fin rundtur får du viss du køyrer Lærdalstunnelen som med sine 24,5 km er verdas lengste tunnel.

Strekninga har restriksjonar for lengde på buss. Maksimal lengde er 12,4 meter.

 I menyen under finn du nokre lenker som vi håper kan vera til hjelp. For ytterligare turistinformasjon ber vi om at spørsmål blir retta til lokale og regionale reiselivsaktørar.

Vintervarsel: Vegen er open:
 Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet er i vinterhalvåret stengt over fjellet mellom kommunegrensa Aurland/Lærdal og Nalfarbakkane ovanfor Aurlandsvangen. Raude flagg i kartet viser kvar strekningen blir stengt. Vegen frå Aurlandsvangen til utsiktspunktet Stegastein er open heile året. Strekninga er normalt stengt i november og opnas igjen i juni.

Opningar og stengingar av vinterstengde turistvegar og statistikk >>

Veg og trafikkinformasjon - telefon 175.
Kart med oppdaterte trafikkmeldinger >>

GPS: Aurlandsvangen 60.910982, 7.191303 -
Lærdalsøyri 61.101395, 7.460039