Tilbake til turistvegen

Attraksjon langs Aurlandsfjellet

Flotane

Etter endelause stigningar frå fjøra til fjells, er det først over bakketoppen ved Flotane på Aurlandsfjellet at du kjenner deg «oppe». Her er eit nytt landskapsrom med slake høgdedrag, vide sletter og med tindar og fonner i det fjerne. Rasteplassen med benkar og toalett får all nødvendig energi frå solcellepanel. Her møtes det vakre, det funksjonelle og det miljøvenlege.

Kamera ikon