Utsiktsplattformen Utsikten høyt over dalen.
Utsikten. Foto: Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen

Frå Sognefjorden til Fosseheimen

Eit fredfullt alternativ til stamvegane frå Sunnfjord til Sogn. Langs verna vassdrag og stille fjordarm fram til turiststaden Balestrand.

Gaularfjellet er ein godt bevart hemmelegheit for dei fleste. Køyreturen går langs fjorden før vegen snirklar seg opp mot det høgste punktet på fjellet. På rasteplassen Utsikten kan du nyte synet av eit frodig og vakkert landskap der vegen slynger seg oppover lia.

Vegen følgjer Gaularvassdraget, eit av få verna vassdrag som byr på alt frå ville stryk og fossar til rolege parti kor vatnet flyt stille av stad. Ein tur over den spenstige brua Likholefossen gir ei oppleving av å vere midt i det sprudlande fossesuget. Turistvegen kan inngå i mange rundturar.

Reiseinformasjon

Lengde
114 km
MOH.
0 – 743

Nasjonal turistveg Gaularfjellet går mellom Balestrand og Moskog [613] og mellom Sande og Eldalsosen [610]. Frå Balestrand er det mogleg å ta fine avstikkarar. Ein båttur som endar nesten ved Jostadalsbreen er eit fint sett å oppleva naturen på.

For syklisten: Start turen på Moskog slik at stigningane både opp mot Rørvikfjellet og mot toppen av Gaularfjellet ikkje blir for tunge. Alternativ rute er med start på Sande. Frå Utsikten ned til fjorden byr vegen på ei bratt utforkøyring. Nasjonal sykkelrute 3.

Veg og trafikkinformasjon

Kartinformasjon

GPS, Moskog:
61.442286, 6.002698
GPS, Balestrand:
61.210477, 6.528711
GPS, Sande:
61.326786, 5.797906

Gpx-fil til nedlasting for gps og navigeringsapp.
Fila har køyreretning frå Sande til Balestrand og Moskog til Balestrand. Gpx-filer for alle Nasjonale turistveger. Endringar av køyremønster må brukarane sjølv tilpasse.

Informasjon

Tømming av toalett frå bubil og campingvogn er ikkje tillate på våre toalett. Anlegget er ikkje konstruert for slik bruk. Næraste tømmeplassar er Balestrand og Førde.

Vinterinformasjon

Vegen er vinterstengt!

Strekninga over fjellet mellom Mel og Mjell er stengd om vinteren. Tidlegare stengingar er 20. november til 3. januar. Tidlegare opningar er 14. april til 2. mai. OBS: Når vegen opnar kan han i ein periode vere stengd om natta og ved uvêr bli stengt på kort varsel. Tid for stenging og berekna opning kan ein sjå ved å klikke på snøikonet i kartet.

Opplevingar

Vegen vart raskt ei viktig ferdselsåre frå den vart opna i 1938. I dag er vegen eit fredeleg alternativ til hovudvegane som tar det meste av trafikken.

Balestrand er ein flott start på turen, der er det også råd å ta båt inn til Fjærland og besøke bremuseet. Det er enkle og funksjonelle punkt langs heile vegen som gjer det råd å stoppe, strekke på beina eller berre nyte utsikta. Elva Gaula har 29 større fossar med Likholefossen og brua over som eit høgdepunkt.

Fossestien er ein 21 km lang vandreveg som går langs elva Gaula parallelt med turistvegen. Ein kan velje om ein vil gå heile turen, eller berre delar av den. Stien går forbi fleire større fossar og gjennom eit frodig kulturlandskap med aktive gardsbruk. Langs strekninga finn du også fjellturar til flotte utsiktspunkt og rolege fjellvatn der det er mogeleg å fiske.

Nyttige lenker

De 18 nasjonale turistvegene

Nasjonale turistveger er kjøreturer gjennom vakker norsk natur. Opplevelsen forsterkes med nyskapende arkitektur og tankevekkende kunst på tilrettelagte utsiktspunkter og rasteplasser.

Se alle turistvegene