Kjøreturen over Trollstigen er utan tvil litt meir dramatisk  enn det dei fleste er vant til, for det som kanskje er spesielt med å kjøre rundt i Norge er at det faktisk bur eller har budd folk overalt. Sjølv på den smalaste fjellhylla eller på den vesle knausen kan det vere bygt hus. Slik er vi knytta til landskapet og naturen gjennom busetjingar der vi har funne livsgrunnlag opp gjennom historia. Likevel vil nok dette være ein digresjon, for på denne vegen er det lett å tape seg i det spektakulære. Geiranger-Trollstigen byr på fleire høgdepunkt, og det er lett å få høg puls i dei elleve snirklete svingane i Trollstigen eller når du skodar utover frå Ørnesvingen ned mot Geirangerfjorden. Frodige dalar, lune jordbærbygder, stupbratte fjell og utkikkspunkt gir både sug i magen og nokre av dei beste utsiktene Norge kan by på. Sett av god tid til turen, pausane er kjærkomne, same om du vil utfordre deg sjølv med ein topptur eller berre nyte synet. Det er så mykje meir å oppdage for kvar den som tar seg tid.

Historia

Trollstigvegen har i fleire hundre år vore viktig for ferdselen mellom Valldal og Åndalsnes. Først som ein sti, deretter som rideveg heilt fram til Trollstigvegen vart starta i 1916. Delar av den opprinnelege kløvstien er framleis synleg og farbar til fots. Det er eit spennande alternativ for alle som vil oppleve vegen slik den var i riktig gamle dagar.

Opplevingar 

Nokre av dei mest oppsiktsvekkande installasjonane vi har laga finn du på denne strekninga. Her lar utsiktspunkta Ørnesvingen, Gudbrandsjuvet og Flydalsjuvet deg sleppe til i naturen på heilt spesielt vis. Med ferje på fjorden kan du komme tett på dei kjente fossefalla Dei Sju Systre, Friaren og Brudesløret og samtidig oppleve den mest berømte fjorden i verda, Geirangerfjorden, som er på UNESCOs verdsarvliste.

Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen går mellom Langevatn på Strynefjellet og Sogge Bru i Romsdalen. Strekninga er 104 km lang (veg 63). På ein del av strekninga må det nyttast ferje. Det er ferje på strekninga Eidsdal - Linge. Om du ønskjer deg eit fjordcruise bør du legge inn ferjeruta mellom Valldal og Geiranger som ein del av ein rundtur i verdsarvområdet, eller som ein etappe på vegen mellom Geiranger og Trollstigen. Her vil du få det beste av både fjord og fjell på ein og same dagen.

Strekninga i Trollstigen har restriksjonar for lengde på buss. Maksimal lengde er 13,1 meter.

 I menyen under finn du nokre lenker som vi håper kan vera til hjelp. For ytterligare turistinformasjon ber vi om at spørsmål blir retta til lokale og regionale reiselivsaktørar.

Vintervarsel: Vegen er open. Delar av Nasjonal turistveg Geiranger - Trollstigen er stengt i vinterhalvåret. Strekninga Langevatnet -Geiranger er normalt stengt i november og opnar i mai. Trollstigen er normalt stengt i oktober og opnar i mai. 

Raude flagg i kartet viser kvar strekningen blir stengt.

Opningar og stengingar av vinterstengde turistvegar og statistikk >>

Veg og trafikkinformasjon - telefon 175.
Kart med oppdaterte trafikkmeldinger >>

GPS: Langvatn 62.014219, 7.393992 -
Sogge bru 62.53207, 7.736939