Nattlig utsikt over Trollstigen, Nasjonal turistveg Geiranger – Trollstigen.
Trollstigen. Foto: Jarle Wæhler, Statens vegvesen

I slyng langs stupbratte fjell

Ei køyreoppleving langs ein tradisjonsrik turistveg i dramatisk vestlandsnatur med høge fjell og djupe fjordar, som lokkar både bil- og båtturistar.

Geiranger-Trollstigen byr på fleire høgdepunkt, og det er lett å få høg puls i dei elleve snirklete svingane i Trollstigen eller når du skodar utover frå Ørnesvingen ned mot Geirangerfjorden.

Frodige dalar, lune jordbærbygder, stupbratte fjell og utkikkspunkt gir både sug i magen og nokre av dei beste utsiktene Norge kan by på. Sett av god tid til turen, pausane er kjærkomne, same om du vil utfordre deg sjølv med ein topptur eller berre nyte synet.

Reiseinformasjon

Lengde
104 km
MOH.
0 – 1038
Overfarter
1 ferje

Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen går mellom Sogge bru i Romsdalen og Langvatnet [63]. På ein del av strekninga må det nyttast ferje. Det er ferje på strekninga Eidsdal - Linge (klikk på ferjeikonet for rutetider).

For syklisten: Turen er ein krevjande høgfjellstrekning med tidvis lange og bratte stigningar og nedkøyringar. Den lettaste sykkelturen er med start frå Grotli. Det er mykje trafikk på strekninga i høgsesongen, legg gjerne turen til tidleg juni eller september.

Veg og trafikkinformasjon

Kartinformasjon

GPS, Sogge bru:
62.53207, 7.736939
GPS, Langvatnet:
62.014219, 7.393992

Gpx-fil til nedlasting for gps og navigeringsapp.
Fila har køyreretning frå Langvatnet til Sogge bru. Gpx-filer for alle Nasjonale turistveger. Eventuelle endringar av køyremønster må brukarane sjølv tilpasse.

Informasjon

Tømming av toalett frå bubil og campingvogn er ikkje tillate på våre toalett. Anlegget er ikkje konstruert for slik bruk. Næraste tømmeplassar er Isterdalen, Valldal og Geiranger.

Vinterinformasjon

Vegen er vinterstengt!

Strekninga i Trollstigen og frå Langvatnet til Geiranger er stengt om vinteren.
TROLLSTIGEN: Tidlegare stengingar er 5. oktober til 7. desember. Tidlegare opningar er 11. mai til 12. juni. 
LANGVATNET til GEIRANGER: Tidlegare stengingar er 18. november til 9. januar. Tidlegare opningar er 9. mai til 17. juni. OBS: Når vegen opnar kan han i ein periode vere stengd om natta og ved uvêr bli stengt på kort varsel.
Tid for stenging og berekna opning kan ein sjå ved å klikke på snøikonet i kartet.

Framkommelighet

Strekninga i Trollstigen er smal og svingete og har restriksjonar for lengde på buss. Maksimal lengde er 13,3 meter.

Opplevingar

Trollstigvegen har i fleire hundre år vore viktig for ferdselen mellom Valldal og Åndalsnes. Først som ein sti, deretter som rideveg heilt fram til Trollstigvegen vart starta i 1916. Delar av den opprinnelege kløvstien er framleis synleg og farbar til fots.

Med ferje på fjorden kan du komme tett på dei kjente fossefalla Dei Sju Systre, Friaren og Brudesløret og samtidig oppleve den mest berømte fjorden i verda, Geirangerfjorden, som er på UNESCO si verdsarvliste.

Nasjonal turistveg Geiranger -Trollstigen gir eit vell av turmogelegheiter i eventyrleg fjell- og fjordlandskap. Ein flott, men særs bratt tur er turen opp til den maleriske garden Skageflå som startar med båt ut Geirangerfjorden. Stien frå Trollstigen opp til Bispevatnet innbyr til ein roleg tur under dei mektige fjella. Ved foten av Trollstigen kan du gå ein enkel rundtur langs den brusande elva.

Nyttige lenker

De 18 nasjonale turistvegene

Nasjonale turistveger er kjøreturer gjennom vakker norsk natur. Opplevelsen forsterkes med nyskapende arkitektur og tankevekkende kunst på tilrettelagte utsiktspunkter og rasteplasser.

Se alle turistvegene