Det faktum at vegen går over det største høgfjellsplatået i Nord-Europa seier noko om det du vil møte, men ikkje alt. Her møter du dei store viddene, djupe, frodige dalar, høge fjell, isbrear i det fjerne, fossar og blågrøne fjordar. Hardangervidda byr på varierte opplevingar, frå der vegen bølgjer seg dovent over dei store flatene til den trange, bratte og ville Måbødalen, før du plutseleg ikkje lenger er på høgfjellet, men i den vesle bygda Eidfjord inst i Hardangerfjorden. På vinterstid endrar tilhøva på vegen over fjellet seg frå time til time, og ofte kan du oppleve kolonnekjøring bak store brøytebilar som strevar med å gjere vegen kjørbar. Det er også ei oppleving som er spennande. Vidda kan være ugjestmild på vinterstid, men om sommaren er den langt meir inviterande. Terrenget egner seg godt for fotturar, og dei mange fjellvatna gir deg høve til å skaffe din eigen middag, dersom fisken bit. Hugs at dette er høgt til fjells og at veret kan være omskifteleg sjølv på sommarstid, men at dette også er ein del av det å være i kontakt med naturen. På Hardangervidda finn vi ein av dei største villreinstammane i Europa og har du tålmod og hellet med deg kan du sjå dei fantastiske dyra i sitt rette element. Det er kanskje først da vi skjøner kven som høyrer til her oppe og kven som berre er gjest.

Historia 

Det har vore ferdsel over fjellet i kanskje så mykje som 1000 år, men det er først på starten av det forrige århundret at det kom kjørevegar over fjellet. Mange av desse vegane følgjer dei opprinnelege rutene som var stiar og kjerrevegar. Så om mykje har forandra seg, kan det være fint å tenkje på at vi ofte går i fotspora til nokon som bruka å ferdast i fjella for lenge sidan.

Opplevingar 

Vøringsfossen er Norges mest kjente foss, og det er lett å forstå kvifor den gjer inntrykk. Vatnet som drønner ned fjellsida i fritt fall på 145 meter er eit imponerande syn. Strekninga gjennom Måbødalen er ein fantastisk del av vegen og kan nytast gjennom bilvinduet. Her er det også ein sjelden og vakker flora som du kanskje må stoppe litt opp for å oppdage. Oppe på høyfjellsplatået får du oppleve eit imponerande panorama med Hardangerjøkulen i bakgrunnen.

Nasjonal turistveg Hardangervidda går mellom Eidfjord og Haugastøl og er 67 km lang (veg 7). Nasjonal turistveg Hardangervidda er open for trafikk heile året. Vegen kan, ved dårlig ver om vinteren, være stengd i kortare periodar over fjellet. I menyen under finn du nokre lenkar vi håpar kan vera til hjelp. For ytterligare turistinformasjon ber vi om at spørsmål rettes til lokale og regionale reiselivsaktørar.

Veg og trafikkinformasjon - telefon 175.
Kart med oppdaterte trafikkmeldinger >>

GPS: Eidfjord 60.457043, 7.087297 -
Haugastøl 60.510968, 7.851115