Tilbake til turistvegen

Attraksjon langs Hardangervidda

Måbødalen

Måbødalen er eit trangt, bratt og vakkert dalføre som strekkjer seg frå Eidfjord opp til Hardangervidda. Gjennom Måbødalen gjekk det i eldre tider fleire vegar. På 1780-talet blei det bygd 1300 trappetrinn i stein for å gjere reisa lettare. Vegen frå Måbødalen opp til Fossli blei utført med eit imponerande steinarbeid og stod ferdig i 1916. Den gamle vegen kan framleis opplevast til fots. Dagens bilveg gjennom Måbødalen har fleire tunnellar, men har også fine stoppestader og utsiktspunkt.

Kamera ikon