Reisa langs turistvegen i Ryfylke er ei reise i kontrastar. Her møter du nakent høgfjell, frodige lier, stupbratte fjellsider og djupe fjordar. Saudafjellet har ein særeigen natur. Den er knudrete, rå og gjenstridig og du kan ta deg i å lure på kva i all verda fekk nokon til å leggje ein veg akkurat her. Ved Svandalsfossen kan du gå i trappene og verkeleg kjenne på både vatnet og kreftene. Nokre gonger har fossen så kraftig vassføring at politiet må trå til og sleppe ein og ein bil gjennom vasskya som dekkjer vegen. Akkurat dette er nesten litt eksotisk. Lengst sør på denne vegen finn du Lysefjorden. Lysefjorden er kanskje på sitt aller vakraste når mørke skyer heng over fjorden og berre slepp små striper av gyllent ljos gjennom. Sidan Ryfylke er ei lang og variert strekning, så kan det være lurt å bruke god tid. Her er det mange stader råd å ta små avstikkarar og ta pausar undervegs, anten du er nysgjerrig på industrihistoria i Sauda eller berre vil oppleve ein av dei flotte strandstadane som til dømes Sand. Langs denne ruta kan du delta på laksesafari og rafting eller leggje ut på ein fottur i skiftande terreng. Kjøreturen gjennom Ryfylke er ei allsidig oppleving på ein røff veg med mange sjarmerande sider.

Historia

Staden Hellandsbygd er eit eksempel på korleis strukturen i samfunnet vart bygd opp rundt kraftkrevjande industri og tilgang til billig straum. Industrien er også grunnen til at vegen over Saudafjellet ligg nettopp her. Dette var den kortaste og raskaste ruta austover.

Opplevingar

Mang ein turist valfartar til Ryfylke. Her finns nemleg nokre av dei mest spektakulære naturattraksjonane Norge har å by på. Preikestolen og Kjeragbolten er begge, med Lysefjorden i bakgrunnen, populære både som turmål og fotomotiv. Langs vegen er det også mange idylliske stader som er verd å leite etter. Det er også to korte ferjeturar på denne vegen kor du kan nyte frisk sjøluft og ta fjordane i nærare augesyn.

Nasjonal turistveg Ryfylke går mellom Oanes ved Lysefjorden og Håra, og er 260 km lang. På den sørlige delen av strekninga må ein nytta seg av to ferjer. Lauvik-Oanes og Hjelmeland-Nesvik. Frå Lovra i Suldal delar turistvegen seg i to, der eit strekk går over Sandsfjord bru til Sauda (veg 520), med ein liten avstikkar til Ropeid. Den andre delen fortsett nordover (veg 13) med ein liten avstikkar til Høse bru ved Sand, før den fortsett opp Suldalslågen og Brattlandsdalen der dei igjen møtast ved Håra og dannar ein rundtur. Ønskjer du fleire opplysningar om ferjene, finn du lenker i menyen under.

Deler av vegen, spesielt over fjellet til Røldal, er smal og svingete. Her er det for tida ingen maksimal grense men vi tilrår kortare lengde på buss. I menyen under finn du nokre lenkar som vi håper kan vera til hjelp. For ytterlegare turistinformasjon ber vi om at spørsmål blir retta til lokale og regionale reiselivsaktørar. 


Vintervarsel: Vegen er åpen. Om vinteren er vegen mellom Helandsbygd og Røldal vinterstengt. Raude flagg i kartet viser kvar strekningen blir stengt. Vegen er normalt stengt i november og opnar igjen i juni.

Opningar og stengingar av vinterstengde turistvegar og statistikk >>

Veg og trafikkinformasjon - telefon 175.
Kart med oppdaterte trafikkmeldingar >>

Vegmeldinger Ryfylke >>

GPS: Oanes 58.910563, 6.077167 -
Håra 59.81383432, 6.77366577