Å kjøre i det åpne fjellandskapet kan samanliknast med følelsen av å fly. Vegen svever og strekker seg ut i lange og duvande former. Det er lett å la tankane sveve like høgt som fjella i horisonten. Naturen er både forlokkande og oppnåeleg, og heile tida ligg vegen i landskapet som eit trygt ankerpunkt. Landskapet kan verke dovent og vennleg, men det er gode grunnar til at vegen er vinterstengd. Når vinteren fester grepet er det for krevjande å halde vegen open med dei store snømengdene, og med vinden som bles nådelaust over viddene. Om sommaren når alt ligg bada i lys, er det ingen skuggesider. Same kvar du vel å stoppe, treng du ikkje gå langt før det følest som ein liten ekspedisjon. Dette åpne landskapet treng ikkje mykje tilrettelegging, og rasteplassane og installasjonane våre handlar like mykje om å føye seg inn i det eksisterande som å gjere deg merksam på detaljene. Valdresflye er som eit stort bilete, meir enn skjulte løyndomar. Her er det roa som er framtredande for opplevinga av det vidstrakte landskapet.

Historia

Å byggje vegar i fjellet var med på å binde dei forskjellige delane av landet saman. Fleire fikk oppleve fjellet, og vegane var til stor nytte for stølsdrifta. Dei fleste fjellvegane i Norge har altså heilt frå dei vart bygde vore viktige for reiselivsnæringa, og gjort det råd for oss å kome oss til fjells på ein enkel og trygg måte. Valdresflya er eit godt eksempel på ein slik veg.

Opplevingar 

Her kan du stoppe bilen nesten kvar som helst, og ta lengre eller kortare turar i fjellet. Rjupa og Vargbakkene er spesielt tilrettelagde stoppestader, men er absolutt ikkje dei einaste stadene der du bør ta ein pause. Her er det også stølsdrift som gjer det mogleg for deg å kjøpe smør, rømme og ost laga på den opprinnelege måten.

Nasjonal turistveg Valdresflye går mellom Garli og Hindsæter med avstikkar til Gjende. Strekninga er 49 kilometer lang (veg 51). Vegen er eit godt alternativ om du skal nordover, eller du kan legge den inn som ein del av mange rundturar.

Deler av Nasjonal turistveg Valdresflye er vinterstengt mellom Garli og Maurvangen. Raude flagg i kartet viser kvar strekningen blir stengt. Strekninga er open mellom Hindsæter og Gjendesheim. Vegen er normalt stengt i desember og opnas igjen i april. Tilkomst til Gjendesheim er frå Randen (veg 51) eller Sjoa (veg 257). Køyrande må være oppmerksame på tamrein på strekninga.

I menyen til under finn du nokre lenker som vi håper kan vera til hjelp. For ytterligare turistinformasjon ber vi om at spørsmål blir retta til lokale og regionale reiselivsaktørar.