Kvanndal

Rasteplass med fjordkontakt og toalett.

Arkitekt:
Sivilarkitekt Tordis Hoem as
Fullført:
2008
Toalettbygget i vinterlandskap.
Toalettbygget har eit venterom med glasveggar og eit spesielt glastak med lyssetjing. Foto: Bjørn Andresen, Statens vegvesen

Kvanndal var tidlegare eit viktig knutepunkt sidan ferja mellom Kvanndal og Kinsarvik lenge var hovudsambandet for trafikk mellom indre og ytre deler av Hardanger.

Dette har endra seg over tid – først med Vallaviktunnelen og nytt ferjesamband mellom Bruravik og Brimnes og i 2013 ved bygging av Hardangerbrua. Trafikken over Kvanndal vart då sterkt redusert og plassen blei meir attraktiv som ein stoppeplass ved fjorden.

Toalettbygget stod ferdig i 2008 og har fått ei plassering som gjer at det har god kontakt både til oppstillingsplassen på ferjekaien og til ein enkel rasteplass vest for bygget. Toalettbygget har eit venterom med glasveggar og eit spesiell glastak med lyssetjing. Bygget har fasong som eit «grindbygg» i tråd med gammal byggeskikk i Hardanger.

På grassletta vest for toalettbygget er det ein enkel rasteplass med bord og benker. Denne plassen har god nærkontakt med Hardangerfjorden med høve til bading. Parkeringa for dei som brukar toalettet og rasteplassen er på den delen av ferjekaiarealet som ligg nærast inn mot toalettbygget. Det er planar om å utvida og markera betre denne parkeringsplassen, men så langt er ikkje dette gjennomført.

Til Kvanndal

Steinstøberget

Rasteplassen i Steinstøberget har flere nivå.

Arkitekt:
Sivilarkitekt Tordis Hoem as
Fullført:
1997
Steinstøberget rasteplass ved Hardangerfjorden.
Steinstøberget rasteplass. Foto: Roger Ellingsen, Statens vegvesen.

Øverste er det toalett og sittegruppe med flott utsikt over Hardangerfjorden. I tillegg er det laget en grillplass og tilkomst ned til fjorden med tilrettelegging for fjordfiske. 

Til Steinstøberget