Logo - Nasjonale turistveger
Logo - Nasjonale turistveger
  1. De 18 turistvegene
  2. Min reise
    Illustrasjon av logo

    Du har ingen turistveger i reiselisten din. Velg turistveger fra menyen «18 Nasjonale turistveger», og legg de til i «Min reiseliste» via aksjonsknapper.

  3. Mer informasjon
  4. Språk
  • Om oss
  • Presse
  • Norsk
  • Deutsch
  • English
  • Nyheter
  • Bildebank
  • Turistvegenes særpreg
  • Ofte stilte spørsmål
  • Vegmeldinger
  • Vinterstengte veger
  • Pressekontakt
  • Åpne data
Abonner

Fotturar langs Nasjonal turistveg Sognefjellet

Om du legg ut på ei reise frå dei grøne engene og det frodige kulturlandskapet i Bøverdalen, over Nord-Europas høgaste fjellovergang og ender i fjordlandskapet i Gaupne, vil du få uendeleg mange moglegheiter for fine aktivitetar i friluft. I samarbeid med Outtt har vi laga ein turguide for Sognefjellet som inneheld utvalde opplevingar. Turane graderast ut frå kor krevjande den er, frå enkle fotturar som vil passe dei fleste til krevjande turar for dei med god fjellerfaring.

Fannaråken og Hurrungane. Foto: Werner Harstad.

I uminnelege tider har folk lagt i veg til fots og med hest for å komma over Sognefjellet. Det gjorde dei ved hjelp av godt oppbygde vardar. Vi reknar med at dei fleste vardane vart bygd på midten av 1800-hundretalet. På det høgaste punktet over fjellovergangen, ved steinen på Mefjellet, kan du følgje den gamle vardevegen frå Krossbu til Turtagrø eller gå ein tur på Mefjellstien. Vi har sett opp ekstra merking her, slik at du skal komma trygt fram. Både Vardevegen og Mefjellstien går i lett fjellterreng og passar for sjølv dei minste i familien.

På vegen vidare ned mot Turtagrø køyrer du forbi Fannaråken og Helgedalsnosi. Frå disse toppane får du storslått utsikt til fjellkjeda Hurrungane og dei villaste fjella i Noreg med heile 23 toppar over 2000 moh. Turen til Helgedalsnosi er ganske enkel sidan starten ligg over tregrensa, og undervegs har ein flott utsyn i alle retningar. Ein tur til Fannaråken er eit meir krevjande alternativ med ein stigning på 1240 meter. Rett ved toppen ligg DNT sin høgastliggjande turisthytte, Fannaråkhytta. Om du overnattar her du kan oppleve ein soloppgang av dei sjeldne.

Dersom du heller vil ha frodigare landskap finst det fleire turar i Fortunsdalen som slynger seg innover mellom dei høge fjella. Turen til Fuglesteg, ein gard som ligg på ei fjellhylle over bygda Fortun, kan anbefalast. Nærare Gaupne ligg toppane Børesteinen og Molden, to krevjande turar som byr på 360 graders utsikt over Sognefjorden.

 

Fleire fine turstier langs vegen finn du i turguiden Outtt.

Tilbake til nyheter

Denne nettsiden benytter seg av cookies. Les mer om vår bruk av cookies her.

portal:localize('footer.logo')
portal:localize('footer.logo')

Om oss

  1. Organisasjon
    1. - Turistvegseksjonen
    2. - Ansvarsfordeling
    3. - Milepæler og fremdriftsplan
    4. - Kontakt
  2. Arkitektur og kunst
    1. Samarbeidspartnere
      1. Årsmelding
        1. Priser og utmerkelser
          1. Utstillinger
            1. Logo
              1. Brosjyrer og kataloger
                1. Nettstedkart

                  Presse

                  1. Nyheter
                    1. Bildebank
                      1. Turistvegenes særpreg
                        1. Ofte stilte spørsmål
                          1. Vegmeldinger
                            1. Vinterstengte veger
                              1. Pressekontakt
                                1. Åpne data

                                  Språk

                                  1. Norsk
                                  2. Deutsch
                                  3. English

                                  Annet

                                  1. Juster tekststørrelse
                                  2. Hold inne Ctrl-tasten (Cmd-tasten på Mac). Trykk samtidig på + for å forstørre eller - for å forminske.Informasjonskapsler
                                  3. Gå til vegvesen.no

                                  Følg oss

                                  Abonner på nyheter
                                  portal:localize('footer.logo')