Gaularfjellet – arbeidet med ny rasteplass ved Hestad kapell er i gang
Prosjektet er eit samarbeid mellom Statens vegvesen og Sunnfjord kommune og skal stå ferdig i september 2021.
Hestad kapell ligg vakkert til på ei landtunge mellom Viksdalsvatnet og Hestadfjorden. Den vesle, brunbarka kyrkja og området rundt er freda. Like ved ligg også ein attraktiv badeplass som blir nytta av kommunen sine innbyggjarar og tilreisande.

Dei nye tiltaka utførast stillferdig og nøkternt. Illustrasjon: Fortunen Arkitekter AS
Gjennom eit spleiselag sørgjer Statens vegvesen og Sunnfjord kommune for at området får toalett, betre parkering, utsiktsrampe og rasteplass med informasjon. Med dette løftet blir Hestad eit attraktivt stopp for reisande langs Nasjonal turistveg Gaularfjellet.

Hestadfjorden byr på flotte opplevingar. Foto: Therese Ruud/ Statens vegvesen
Byggherre: Statens vegvesen
Arkitekt: Fortunen Arkitekter AS
Entreprenør: Brun Bygg AS