Logo - Nasjonale turistveger
Logo - Nasjonale turistveger
  1. De 18 turistvegene
  2. Min reise
    Illustrasjon av logo

    Du har ingen turistveger i reiselisten din. Velg turistveger fra menyen «18 Nasjonale turistveger», og legg de til i «Min reiseliste» via aksjonsknapper.

  3. Mer informasjon
  4. Språk
  • Om oss
  • Presse
  • Norsk
  • Deutsch
  • English
  • Nyheter
  • Bildebank
  • Turistvegenes særpreg
  • Ofte stilte spørsmål
  • Vegmeldinger
  • Vinterstengte veger
  • Pressekontakt
  • Åpne data
Abonner

Hardanger – sju entreprenørar vil byggje Espenes

Anskaffinga gjeld bygging av eit utsiktspunkt med toalett, rast under tak og romsleg parkeringsplass ved Espenes i Djupvik langs Nasjonal turistveg Hardanger. Anlegget skal stå ferdig 30. november 2021.

Espenes rasteplass blir ein ny attraksjon for reisande i Hardanger. Illustrasjon: Code arkitektur AS.

- Særs gledeleg at mange vil vere med å byggje for oss, seier Therese Ruud, strekningsansvarleg for Nasjonal turistveg Hardanger i Statens vegvesen.

-Espenes er eit flott stopp mellom Kinsarvik og Odda med lang fartstid som rasteplass langs riksveg 13 i Sørfjorden. Den gamle rasteplassen var riggområde då riksvegen blei utbetra i dette området og er i dag berre ei stor grusflate i det elles så bratte landskapet, seier Ruud.

Espenes ved Nasjonal turistveg Hardanger

Frå Espenes er det flott utsikt nordover Sørfjorden i Hardanger. Illustrasjon: Code arkitektur AS.

No skal det byggast eit spektakulært turistveganlegg på staden. Frå ei plattform med eit tak i rustfritt stål får ein god utsikt nordover Sørfjorden. Under taket kjem det rastemøblar og eit servicebygg med plass til tre toalett og eitt HC toalett. Dei to avkøyringane frå riksveg 13 gir tilkomst til ein parkeringsplass for 14 bilar, oppstillingsplassar for to bussar og søppelstasjon. Frå parkeringsplassen skal det lagast ein gangveg fram til servicebygget.
Kven som til slutt får oppdraget vert bestemt etter forhandlingar i juni. 


Byggherre: Statens vegvesen
Arkitekt: Code arkitektur AS.
 

Tilbake til nyheter

Denne nettsiden benytter seg av cookies. Les mer om vår bruk av cookies her.

portal:localize('footer.logo')
portal:localize('footer.logo')

Om oss

  1. Organisasjon
    1. - Turistvegseksjonen
    2. - Ansvarsfordeling
    3. - Milepæler og fremdriftsplan
    4. - Kontakt
  2. Arkitektur og kunst
    1. Samarbeidspartnere
      1. Årsmelding
        1. Priser og utmerkelser
          1. Utstillinger
            1. Logo
              1. Brosjyrer og kataloger
                1. Nettstedkart

                  Presse

                  1. Nyheter
                    1. Bildebank
                      1. Turistvegenes særpreg
                        1. Ofte stilte spørsmål
                          1. Vegmeldinger
                            1. Vinterstengte veger
                              1. Pressekontakt
                                1. Åpne data

                                  Språk

                                  1. Norsk
                                  2. Deutsch
                                  3. English

                                  Annet

                                  1. Juster tekststørrelse
                                  2. Hold inne Ctrl-tasten (Cmd-tasten på Mac). Trykk samtidig på + for å forstørre eller - for å forminske.Informasjonskapsler
                                  3. Gå til vegvesen.no

                                  Følg oss

                                  Abonner på nyheter
                                  portal:localize('footer.logo')