Logo - Nasjonale turistveger
Logo - Nasjonale turistveger
  1. De 18 turistvegene
  2. Min reise
    Illustrasjon av logo

    Du har ingen turistveger i reiselisten din. Velg turistveger fra menyen «18 Nasjonale turistveger», og legg de til i «Min reiseliste» via aksjonsknapper.

  3. Mer informasjon
  4. Språk
  • Om oss
  • Presse
  • Norsk
  • Deutsch
  • English
  • Nyheter
  • Bildebank
  • Turistvegenes særpreg
  • Ofte stilte spørsmål
  • Vegmeldinger
  • Vinterstengte veger
  • Pressekontakt
  • Åpne data
Abonner

Staten vegvesen søkjer entreprenør til fase tre i utviklinga av attraksjonen Vøringsfossen

Anskaffinga gjeld bygging av hovudutsiktspunktet og sikring av juvkanten på Fossatromma. Prosjektet skal stå ferdig i løpet av 2022.

Vøringsfossen er ein av Norges største turistattraksjonar. Foto: Harald Christian Eiken (vmproduksjon.no)

Statens vegvesen ønskjer tilbod frå entreprenørar med det faglege, tekniske og økonomiske grunnlaget som må til for å gjennomføre tredje etappe av ikonpunktet Vøringsfossen langs Nasjonal turistveg Hardangervidda.

Arbeidet omfattar bygging av utsiktspunkt og andre konstruksjonar som trapper, terrasser og klopper i stål og betong, terrengtilpassa stiar sikra med rekkverk i utsette område, landskapsarbeid og fjellsikring.

Gjenståande arbeid gjeld området vest for fossen - Foto - Carl-Viggo Hølmebakk Arkitektkontor

Gjenståande arbeid gjeld området vest for fossen. Foto: Carl-Viggo Hølmebakk Arkitektkontor

Entreprisen sitt største element er «hovudutsiktspunkt Fossatromma», ei plattform i stål som kragar ca. 7 meter ut over juvkanten med utsikt mot Vøringsfossen. Entrepriseområdet strekker seg ca. 400 meter langs kanten av Måbødalen.

Utsiktspunktet på Fossatromma - Illustrasjon - Carl-Viggo Hølmebakk Arkitekkontor

Her får publikum svimlande utsikt tett på juvkanten. Illustrasjon: Carl-Viggo Hølmebakk Arkitektkontor

Nasjonale turistvegar sitt prosjekt på Vøringsfossen har vore under bygging sidan 2015. Prosjektet omfattar bygging av utsiktspunkt, serviceanlegg, stiar, sikring og bru over elva Bjoreio. Byggetrinn 1 Fossli og byggetrinn 2 Trappebrua blei fullført i 2018 og 2020.

Dei fullførte delane av prosjektet dannar eit godt referansegrunnlag for Fase 3 og tilbydarar oppfordrast til å gjere seg godt kjente med desse. Nytt toalett på Fossetromma vil bli lyst ut som eigen entreprise.

Arkitekt: Carl-Viggo Hølmebakk

For meir informasjon kontakt prosjektleiar Kjersti Wold: kjersti@drivprosjektstyring.no

 

Tilbake til nyheter

Denne nettsiden benytter seg av cookies. Les mer om vår bruk av cookies her.

portal:localize('footer.logo')
portal:localize('footer.logo')

Om oss

  1. Organisasjon
    1. - Turistvegseksjonen
    2. - Ansvarsfordeling
    3. - Milepæler og fremdriftsplan
    4. - Kontakt
  2. Arkitektur og kunst
    1. Samarbeidspartnere
      1. Årsmelding
        1. Priser og utmerkelser
          1. Utstillinger
            1. Logo
              1. Brosjyrer og kataloger
                1. Nettstedkart

                  Presse

                  1. Nyheter
                    1. Bildebank
                      1. Turistvegenes særpreg
                        1. Ofte stilte spørsmål
                          1. Vegmeldinger
                            1. Vinterstengte veger
                              1. Pressekontakt
                                1. Åpne data

                                  Språk

                                  1. Norsk
                                  2. Deutsch
                                  3. English

                                  Annet

                                  1. Juster tekststørrelse
                                  2. Hold inne Ctrl-tasten (Cmd-tasten på Mac). Trykk samtidig på + for å forstørre eller - for å forminske.Informasjonskapsler
                                  3. Gå til vegvesen.no

                                  Følg oss

                                  Abonner på nyheter
                                  portal:localize('footer.logo')