Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet

Snøvegen mellom fjordane
Frå fjord til fjord over eit goldt høgfjell der snøen set sitt tydelege preg og med utsikten over Aurlandsfjorden som grand finale.
Turistvegen gir deg mange sterke inntrykk, og kontrastane er store frå fjorden til høgfjellet der snøen ligg store deler av året.
Noko av det mest karakteristiske ved denne vegen, er at strekninga er aude og går gjennom eit landskap som framstår som heilt urørt. Bortsett frå kraftlina som vitnar om at vi menneskje også er her.
Saman med Lærdalstunnelen er dette ein unik rundtur frå Gamle Lærdalsøyri til Aurlandsvangen. Vegen er vinterstengd, men frå Aurlandsvangen er den open opp til utsiktspunktet på Stegastein heile året.
Vegen er stengt
Reiseinformasjon
- Lengde
- 47 km
- MOH.
- 0 – 1308
Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet går mellom Lærdalsøyri og Aurlandsvangen [5627]. Ein fin rundtur får du viss du køyrer Lærdalstunnelen som med sine 24,5 km er verdas lengste tunnel.
For syklisten: Aurlandsfjellet kan vera ein krevjande sykkeltur med lang stigning opp mot høgfjellet anten du startar frå Lærdal eller frå Aurland. Strekninga frå Stegastein mot Aurlandsfjorden kan ha mykje trafikk om sommaren.
Veg og trafikkinformasjon
- GPS, Lærdalsøyri:
- 61.101395, 7.460039
- GPS, Aurlandsvangen:
- 60.910982, 7.191303
Vegen over fjellet mellom Lærdal og Aurland er normalt vinterstengt i november til juni. Tidlegare stengingar har vore 07. oktober til 6. november. Tidlegare opningar har vore 7. mai til 3. juni. Vegen frå Aurlandsvangen til utsiktspunktet Stegastein er open heile året.
Det er viktig å merke seg at når vegane opnar for sommaren kan dei i ein periode bli stengt om natta. Våren er lunefull i fjellet og vegen kan ved uvær bli stengt på kort varsel.
Når vegen er vinterstengt vil strekninga bli vist med rød strek i kartet.
Strekninga har restriksjonar for lengde på buss. Maksimal lengde er 12,4 meter.
-
Bilde 1 av 11: Kvammadalen. Foto: Roger Ellingsen, Statens vegvesen -
Bilde 2 av 11: Vedahaugane utsiktsplass. Foto: Roger Ellingsen, Statens vegvesen -
Bilde 3 av 11: Vedahaugane, fv. 5627. Foto: Therese Ruud, Statens vegvesen -
Bilde 4 av 11: Flotane. Foto: Jarle Wæhler, Statens vegvesen -
Bilde 5 av 11: Flyvotni. Foto: Bjørn Andresen, Statens vegvesen -
Bilde 6 av 11: Flotane. Foto: Therese Ruud, Statens vegvesen -
Bilde 7 av 11: Flotane. Foto: Jarle Wæhler, Statens vegvesen -
Bilde 8 av 11: Erdalselvi ved Sluppen. Foto: Therese Ruud, Statens vegvesen -
Bilde 9 av 11: Lærdalsøyri. Foto: Jarle Wæhler, Statens vegvesen -
Bilde 10 av 11: Skålane. Foto: Therese Ruud, Statens vegvesen -
Bilde 11 av 11: Erdalen. Foto: Jarle Wæhler, Statens vegvesen
Opplevingar
Det som for mange gjer sterkast inntrykk på Aurlandsfjellet, er kjensla av å være ein stad der det ikkje er så mange spor etter menneskje. Her ligg kvaliteten i dei små tinga, som å kjenne på snøen eller stikke tærne i iskaldt fjellvatn. Det aude landskapet er heilt spesielt. Reisa går frå fjord til fjell, frå frodige dalsider til ein steinørken på høgfjellet.
«Snøvegen» over Aurlandsfjellet byr på mange og sterke kontrastar der utsiktspunktet Stegastein er ein naturlig stoppestad på vegen ned frå fjellet. Strekninga mellom Aurlandsvangen ved Aurlandsfjorden og Lærdalsøyri ved Sognefjorden er eit særs godt utgangspunkt for flotte fotturar med fjordutsikt.
Nyttige lenker
-
Offisiell reiseguide for Norge
-
Kart med info om sove, spise og gjøre
-
Reis med buss, tog, ferge, trikk, bane og fly
De 18 nasjonale turistvegene
Nasjonale turistveger er kjøreturer gjennom vakker norsk natur. Opplevelsen forsterkes med nyskapende arkitektur og tankevekkende kunst på tilrettelagte utsiktspunkter og rasteplasser.