Tilbake til turistvegen

Attraksjon langs Hardanger

Låtefossen

Tett inntil vegen gjennom den trange Oddadalen, styrtar Låtefossen med sine to laup 165 m nedover fjellsida. Vasspruten står som ein dusj over vegen mens elva renn vidare under den gamle steinkvelvbrua. På 1800- og tidleg1900-talet fikk fossen jamnleg besøk av tyskarar og engelskmenn. Dei vart skyssa med hest og kjerre frå fjorden, opp langs Sandvinsvatnet og vidare opp Oddadalen til Låtefossen. Det var ei strabasiøs, men storstilt reise.

Kamera ikon