Attraksjon langs Jæren
Borestranda
Borestranda er ei lang, finkorna sandstrand med ein uendeleg horisont ute i havet. Stranda strekk seg frå Hodne i sør til
utløpet av elva Figgjo i nord. Stranda er ein ynda stad for surfarar og badegjester. Eit enkelt bygg på plassen inneheld både
dusj, toalett og sittebenker.
Tilgjengeleg for rullestol.
Toalettet er stengd frå slutten av oktober til byrjinga av april.
Arkitekt: Lie Øyen Arkitekter