Rasteplass og utsiktspunkt Liasanden stengt

GPS, Liasanden stengt:
61.67986219, 8.22536575
Liasanden rasteplass er stengt grunna oppgradering.
Denne rolege, lune rasteplassen i skogen ved Liasand, var den første rasteplassen som sto ferdig langs dei nasjonale turistvegane. Rasteplassen blei opna i 1997. Etter 25 år med mange besøkande har rasteplassen fått betydeleg slitasje og har behov for oppgradering. Mykje av rastemøblar blir no fjerna og bygningar blir pussa opp.
Vi takkar for besøka og ønskjer alle velkomne tilbake i 2024, for ein rast i nye spennande omgjevnader.