Tilbake til turistvegen

Attraksjon langs Valdresflye

Flye 1389

På det høgaste punktet på Valdresflye og med utsikt i alle himmelretningar, ligg Flye 1389. I kafeen får du servert lokal mat frå Valdres og Gudbrandsdalen medan du nyt utsikta mot toppar som Besshøe, Høgdebrotet, Tjønnholstinden og Rasletinden. Flye 1389 er eit godt utgangspunkt for turar til fots eller på ski og her kan du også leige turutstyr.

Fjellkafeen vert drive av Den Norske Turistforeininga og vertskapet på Gjendesheim Turisthytte, som er den nærmaste plassen for overnatting.

Tilgjengeleg for rullestol.

Toalettet er stengd på vinteren frå oktober til mars.

Kamera ikon