Utsikt over havna med servicebygg og stormhytter.
Det nye servicebygget består av ei glaskjerne med toalett og eit ytre skal bygd opp av grøne, spesialdesigna fasadeelement av fiberbetong. Foto: Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen

GPS, Madland hamn:
58.587466, 5.638196

Tilgjengeleg for rullestol.

Toaletta er opne heile året. Tømming av toalett frå bubil og campingvogn er ikkje tillat.

Madland hamn mellom Varhaug og Vigrestad i Hå kommune er ein vakker og verutsett plass.

Den vesle hamna, med to utstikkande moloar, er ein populær stad for å oppleve vinterstormane sine naturkrefter på trygg avstand.

På ei lita fylling over hamna har Statens vegvesen bygd ein langstrakt parkeringsplass med 180 graders utsyn over Nordsjøen. Nede i hamna er det bygd ei stormhytte med glas i fronten. Her kan ein sitje i ly og oppleve ver og bølgjer.

Servicebygget ved parkeringa har to toalett og er kledd med spesialdesigna fasadestein som gjer at bygget lyser som ei lanterne når det er mørkt.

Arkitekt: Haugen/Zohar Arkitekter