Friluftshuset på Orre. Samarbeid mellom Friluftsrådet og Statens vegvesen gjør at reisende har tilgang til toalett. Foto: Roger Ellingsen, Statens vegvesen
Friluftshuset på Orre. Samarbeid mellom Friluftsrådet og Statens vegvesen gjer at reisande har tilgang til toalett. Foto: Roger Ellingsen, Statens vegvesen

GPS, Orrestranda:
58.740608, 5.517991

Tilgjengelig for rullestol.

Toaletta er opne når Friluftshuset er ope frå slutten av juni til midten av august. Resten av året er dei opne på søndagar og helgedagar. Tømming av toalett frå bubil og campingvogn er ikkje tillat.

Friluftshuset ved Orrestranda på Jæren er eit informasjonssenter om friluftsliv og naturvern.

Friluftshuset ved Orrestranda på Jæren er eit informasjonssenter om friluftsliv og naturvern. Det er også eit kultursenter med konsertar, kunstutstillingar og andre kulturaktivitetar. Her er det gode tilhøve for parkering og kort veg til Orrestranda.

Orrestranda er ca. 5 km lang og er landets lengste sandstrand. Med lys, finkorna sand liknar denne stranda mest på sandstrender i eit anna og varmare land. Hit kjem folk for å bade, surfe og gå turar i frisk havluft.

Arkitekt: Arkitektkontoret Schjelderup & Gram as