Dette er ein veg som skil seg litt ut frå mange av dei andre turistvegane, vegen er rett og slett ein real bruksveg. På denne strekninga må du i større grad finne deg i å dele vegen med alle som nyttar den til kvardagsbruk. Men tenk på at det å vere på vegen faktisk er ein del av opplevinga. Å ligge bak ein bonde som kjører traktor, gjer det berre lettare å få med seg alle nyansane og detaljane i landskapet. Her er det kulturminner, hav, åker og eit uendeleg skiftande lys. Kystlandskapet er eineståande og noko du ikkje finn andre stader i Norge. Det som kanskje gir dei sterkaste inntrykka, må du nesten stoppe bilen for å oppleve, eller ta deg tid til å kjøre på nokre av dei små sidevegane. Der kjem du nærare havet og oppdagar meir enn du gjer frå hovudvegen. Jærstrendene er ei oppleving samme kva ver det er, og veret skifter ofte, det er ein del av det du må forvente. Her er det akkurat som landskapet er roleg og langsamt, og naturen er seig og stri, men så kan det bruse til med eit frykteleg temperament. Her er du ein del av livet som går sin gang, og det er sagt at du har ikkje sett heile Norge dersom du ikkje har sett Jæren.

Historia

Her er det havet og ikkje vegen som er det dominerande. Vegen er likevel ein viktig del av heilskapen der den skjer gjennom kulturlandskapet, ofte ramma inn av gamle steingjerder som ikkje berre er kulturminner, men også er tydelege band tilbake til ei tid som ikkje lenger finns. Vegen er framleis ein del av kvardagen for alle som lever langs Jærkysten, og ligg der klar for alle som vil besøke denne spesielle staden.

Opplevingar

Ved første inntrykk skjer det lite langs vegen, men det er før du oppdagar dei særeigne skiftningane i lyset, landskapet som bølgjer seg langs reiseruta, himmelen som lever og endrar seg og så den uendelege horisonten ute i havet. Strendene har sin tydelege karakter same kvar du måtte stoppe, her finn du både sand- og rullesteinstrender. Orrestranda er kanskje ei av dei aller vakraste, her kan du vandre kilometervis på kvit sand og nyte ein rik flora og fauna. Det har vore mange forlis langs Jærkysten og den spesielle kystlina gjorde det nødvendig å utvikle eigne redningsteknikkar. Kvassheim fyr blei bygd med tåkehorn for å leie skipstrafikken trygt forbi Jærkysten. Fyret ligg fint til ut mot det opne storhavet og er i dag ope for alle som vil ta ein pause og lære.

Nasjonal turistveg Jæren går mellom Ogna og Bore og er 41 km lang (veg 44/507). Av de mange fyra som ligg langs Jærkysten er fyret på Kvassheim ein fin avstikkar. I menyen under finn du nokre lenker som vi håper kan vera til hjelp. For ytterlegare turistinformasjon ber vi om at spørsmål blir retta til lokale og regionale reiselivsaktørar.

Veg og trafikkinformasjon - telefon 175.
Kart med oppdaterte trafikkmeldinger >>

GPS: Ogna 58.532936, 5.77117 -
Bore 58.791229, 5.592277