Toaletta på Trollstigen opnar i midten av mai
Sjølve Trollstigvegen mellom Trollstigplatået og Isterdalen er stengd fram til 14. juli.

– Vi er veldig glade for å melde at toaletta ved Trollstigen opnar i midten av mai, seier Silje Myhre Amundsen, seksjonsleiar for Nasjonale turistvegar i Statens vegvesen. Lokalt og regionalt reiseliv har uttrykt viktigheita av at det er opne toalett ved Trollstigen også i perioden før Trollstigen opnar 14. juli.
– Trollstigen er vårt nasjonale reiselivsikon, og vi er veldig glade for at vegen frå Valldalsida blir opna allereie no. Når vi inviterer heile verda på besøk, kan vi ikkje møte dei med stengde dører, derfor er vi utruleg letta og glade for at vi no kan ønskje gjestane velkomne til eit ope trollstigplatå med toalett og suvenirbutikk, seier Torunn Dyrkorn, reiselivssjef i Visit Nordvest.

Trollstigen, også kjend som Trollstigvegen, er ein fjellovergang på fylkesveg 63 i Rauma og Fjord kommunar i Møre og Romsdal. Strekninga er ein av 18 nasjonale turistvegar. Vegen bind saman Valldal på Sunnmøre med Åndalsnes og Romsdalen. Trollstigen blei offisielt opna 31. juli 1936 og har elleve hårnålssvingar. Trollstigen er ein av Noregs mest besøkte turistattraksjonar, med over 1,1 millionar besøkande i 2022.
Stenginga av Trollstigen har hatt betydelege konsekvensar for det lokale reiselivet i Møre og Romsdal, som er sterkt avhengig av turisttrafikken til Trollstigen. Regjeringa har løyvd midlar til sikringsarbeidet, for å sikre at vegen kan opnast igjen så snart som mogleg. Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok å stenge Trollstigen for sommaren 2024 og delar av sesongen fram til 14. juli 2025 for rassikring av fylkesvegen.