Steinsdalsfossen ved Norheimsund i Kvam kommune.
Steinsdalsfossen ved Norheimsund i Kvam kommune. Foto: Roger Ellingsen, Statens vegvesen

Fjell, fjord, fossar og fonn

Fleire køyreruter gjennom eit tradisjonsrikt reiselivsområde. Fossar og fonn er mektige kulissar som er oppsøkt av turistar i over hundre år.

Det er ingen løyndom at Hardanger er som eit einaste stort postkort, og nesten kor du snur deg ser du rett inn i ein buldrande foss eller blomstrande frukttre.

Vegane i Hardanger har si eiga fart, og du må tilpasse deg det naturlege tempoet. Her ligg vegen på hyller i bratte dalsider, eller går bokstaveleg talt gjennom eplehagane. Naturen har gitt grunnlag for båtbygging, frukt og industri.

Nasjonal turistveg Hardanger består av fire strekninger: Granvin - Steinsdalsfossen, Norheimsund - Tørvikbygd, Jondal - Utne og Kinsarvik – Låtefoss.

Reiseinformasjon

Lengde
158 km
MOH
0 - 275
Overfarter
2 ferjer

Nasjonal turistveg Hardanger består av fire strekningar: Granvin - Steinsdalsfossen, Norheimsund - Tørvikbygd, Jondal - Utne og Kinsarvik - Låtefoss. Det går ferje frå Tørvikbygd - Jondal og frå Kinsarvik - Utne - Kvandal. Nasjonal turistveg Hardanger er open for trafikk heile året. 

For syklisten: Denne turistvegen er delt i tre «armar» knytt saman med ferjestrekningar. Ver merksam på mykje biltrafikk i sommarmånadene. Unngå tunellar på strekninga Kinsarvik - Odda og vidare til Låtefossen, ved å sykle på «utsida». 

Veg og trafikkinformasjon

GPS, Granvin:
60.529691, 6.728418
GPS, Låtefoss:
59.944362, 6.584351

Strekninga på fylkesveg 550 mellom Alsaker og Herand har restriksjonar for lengde på buss, maksimalt 12,4 meter.

Opplevingar

For alle fosseentusiastar er Hardanger det perfekte reisemålet. Hardanger er innramma av store fossar. Steinsdalsfossen, Vøringsfossen, Skjervsfossen, Låtefoss og Furebergfossen er alle forskjellige, men like lette å late seg hypnotisere av.

Turmoglegheitene er mange og på fleire av fotturane vil du få ei vidstrakt utsikt over fjordarmane i området. Den mest kjende er den krevjande turen til Trolltunga, men Hardanger har mange andre fine turar å by på, utan dei store folkemengdene. Ein tur opp til Buarbreen gir deg både nærblikk av breen, men også ein fin tur opp ein vestlandsk dal.

I Hardanger har det vore dyrka frukt sidan 1300-talet, og næringar som båtbygging og steinindustri har vore viktige for lokalsamfunnet. Kunstnarar og turistar har alltid blitt inspirerte av den vakre naturen.

 

Statens vegvesen bygger infrastruktur i form av rasteplassar og utsiktspunkt langs Nasjonale turistvegar. Kontakt lokalt og regionalt reiseliv for spørsmål angående turistinformasjon.

De 18 nasjonale turistvegene

De nasjonale turistvegene strekker seg fra Varanger i nord til Jæren i sør. Langs vegene ligger utsiktspunkter og rasteplasser med nyskapende arkitektur i vakker natur som gir opplevelser som frister til lengre opphold og nye besøk.

Se alle turistvegene