Tidlig morgensol på Mefjellet rasteplass, Nasjonal turistveg Sognefjellet.
Tidlig morgensol på Mefjellet rasteplass, Nasjonal turistveg Sognefjellet. Foto: Werner Harstad, Statens vegvesen

Over Noregs tak

Den nasjonale turistvegen frå kulturlandskapet i Lom over høgaste fjellovergangen i Noreg til inst i Sognefjorden.

Innfallsporten til Jotunheimen har lange ferdselstradisjonar. Frå dei grøne engene og det frodige kulturlandskapet i Bøverdalen kan du ane dei mektige fjella i det fjerne. Langsamt stig vegen opp gjennom dalen. Det går oppover til toppunktet 1434 meter over havet, og gjer vegen til Nord-Europas høgaste fjellovergang.

På vegen vidare ned mot Sognefjorden viser fjellheimen seg frå si villaste side. Ut mot Gaupne går vegen heilt nede langs den vakre Sognefjorden der det klare vatnet endrar seg fra grønt til blått etter lys og ver.

Reiseinformasjon

Lengde
108 km
MOH
0 - 1434

Nasjonal turistveg Sognefjellet går mellom Lom og Gaupne. Frå frodige Bøverdalen stig vegen opp gjennom dalen til Nord-Europas høgaste fjellovergang. På vegen vidare ned mot Sognefjorden viser fjellheimen seg fra si villaste side. 

For syklisten: Sognefjellet er ein spektakulær sykkeltur med anbefalt start i Lom. Ver merksam på krevjande stigningar og ei bratt utforkøyring ned til Fortun. Strekninga fell saman med Nasjonal sykkelrute 6 som er planlagt mellom Røros og Hardanger. Delstrekninga langs Lustrafjorden er skilta.

Veg og trafikkinformasjon

GPS, Lom:
61.831129, 8.554187
GPS, Gaupne:
61.395127, 7.303172

VEGEN ER STENGT! Vegen over fjellet mellom Rustasætre/Vegaskjelet - Turtagrø er normalt stengd i november og opnas i mai.

Opplevingar

Stavkyrkja i Lom er verd eit besøk, og er ei god markering på starten eller slutten av turen. Lom er blitt eit slags kulinarisk knutepunkt i Noreg der det ligg til rette for å få eit godt måltid med lokale råvarer og gode smakar.

Turtilboda i Jotunheimen er uendelege, og nesten same kor du stoppar kan du finne alternativ som passar alle. Ved det høgaste på punktet på Sognefjellsvegen, kan du følgje den gamle merka vardevegen frå Krossbu til Turtagrø eller gå ein tur på Mefjellstien som startar ved steinskulpturen.

På vegen vidare ned mot Turtagrø køyrer du forbi Fannaråken og Helgedalsnosi. Frå disse toppane får du storslått utsikt til dei villaste fjella i Noreg med 23 toppar over 2000 moh. Om du vil ha frodigare landskap finst det fleire turar i Fortunsdalen som slynger seg innover mellom dei høge fjella.

 

Statens vegvesen bygger infrastruktur i form av rasteplassar og utsiktspunkt langs Nasjonale turistvegar. Kontakt lokalt og regionalt reiseliv for spørsmål angående turistinformasjon.

De 18 nasjonale turistvegene

De nasjonale turistvegene strekker seg fra Varanger i nord til Jæren i sør. Langs vegene ligger utsiktspunkter og rasteplasser med nyskapende arkitektur i vakker natur som gir opplevelser som frister til lengre opphold og nye besøk.

Se alle turistvegene