Sognefjellshytta.
Sognefjellshytta. Foto: Råmund Mundhjeld, Sognefjellshytta

GPS, Sognefjellshytta:
61.56517851, 7.99803176

Tilgjengeleg for rullestol.

Toaletta er opne frå midten av mai til midten av september.

Sognefjellshytta ligg der turistvegen er på sitt høgaste, 1400 moh. og er ein attraktivt treningsstad for skilandslag frå heile verda.

Sognefjellshytta har fått ny storstue som bind dei to tradisjonelle bygningane saman. Kombinasjonen av tre og glas fører lyset rundt i rommet og formidlar høgfjellet sine skiftande stemningar av ver og lys.

Arkitekt: Jensen & Skodvin Arkitektkontor