Utsikt over Røldalsvatnet.
Utsikt over Røldalsvatnet. Foto: Trine Kanter Zerwekh, Statens vegvesen

Langs frodige fjordar og nakne fjell

Køyretur i grensa mellom øyrike og heiar frå Lysefjorden til Sauda og på fjellovergang til Røldal.

Reisa langs turistvegen i Ryfylke er ei reise i kontrastar. Her møter du nakent høgfjell, frodige lier, stupbratte fjellsider og djupe fjordar. Saudafjellet har ein særeigen natur. Den er knudrete, rå og gjenstridig. 

Sidan Ryfylke er ei lang og variert strekning, er det lurt å bruke god tid. Her er det mange stader råd å ta små avstikkarar og ta pausar undervegs, anten du er nysgjerrig på industrihistoria i Sauda eller berre vil oppleve ein av dei flotte strandstadane som til dømes Sand.

Reiseinformasjon

Lengde
260 km
MOH.
0 – 971
Overfarter
2 ferjer

Nasjonal turistveg Ryfylke går mellom Håra og Oanes ved Lysefjorden [46] [520] [13] [523]. Frå Håra delar turistvegen seg i to. Ein del [13] ned Brattlandsdalen og Suldalslågen med ein avstikkar til Høse bru ved Sand [4716]. Den andre delen med [520] [46] mot Sauda og med avstikkar til Ropeid. Dei møtast igjen etter kryssing av Sandsfjord bru og dannar ein rundtur. På strekninga må ein nytta seg av to ferjer. Nesvik – Hjelmeland og Oanes – Lauvvik (klikk på ferjeikonet for rutetider).

For syklisten: Med start frå Håra i nærleiken av Røldal får du ein klatreetappe opp mot Saudafjellet. Unngå tunnelar langs Saudafjorden ved å ta gamlevegen rundt. Mellom Ropeid - Ostasteidn og Håra - Lovra har strekninga fleire lange tunnelar det ikkje er mogeleg å sykla rundt. Kombinere turen med Nasjonal sykkelrute 2 som mellom anna går frå Stavanger til Lysebotn. Frå Stavanger kan du også følge Nasjonal sykkelrute 1 langs kysten. Denne biten er også ein del av den europeiske sykkelruta «North Sea Cycle Route» Eurovelo 12.

Veg og trafikkinformasjon

GPS, Oanes:
58.914264, 6.077564
GPS, Håra:
59.8138, 6.773779

Om vinteren er vegen mellom Helandsbygd og Røldal [520] vinterstengd. Vegen er normalt stengt i november og opnar i juni. Våren er lunefull i fjellet og vegen kan ved uvær bli stengt på kort varsel. De første ukene etter åpning kan vegen være stengt om natten.

Når vegen er stengt vises den med rød strek i kartet.

Deler av vegen, spesielt over fjellet til Røldal, er smal og svingete. Her er det for tida ingen maksimal grense men vi tilrår kortare lengde på buss.

Opplevingar

Mang ein turist valfartar til Ryfylke. Her finns nemleg nokre av dei mest spektakulære naturattraksjonane Norge kan by på. Preikestolen og Kjeragbolten er begge, med Lysefjorden i bakgrunnen, populære som turmål og fotomotiv. Men området har også mange andre eineståande turmål som er lite kjent. 

På godversdagar bør du vurdere fotturane til Reinaknuten og Skomakernibå. Frå begge toppane har du ei imponerande utsikt over store delar av Ryfylke med til dømes Tysdalsvatnet og Jøsenfjorden. Rundturen inn til Ritlandskrateret byr på ei unik oppleving med utsikt over eit krater danna av ein meteoritt som trefte jorda for 500-600 millionar år sidan. Du kan også ta turen til Hovlandsnuten i nærleiken av Sauda. Her har sherpaer frå Nepal lagt solide trapper av stein.

Det er to korte ferjeturar på denne vegen kor du kan nyte frisk sjøluft og ta fjordane i nærare augesyn.

Nyttige lenker

De 18 nasjonale turistvegene

Nasjonale turistveger er kjøreturer gjennom vakker norsk natur. Opplevelsen forsterkes med nyskapende arkitektur og tankevekkende kunst på tilrettelagte utsiktspunkter og rasteplasser.

Se alle turistvegene