Nasjonal turistveg Gamle Strynefjellsvegen

Langs steinmurar og stabbesteinar
Den gamle bilvegen mellom aust og vest er ei museumsoppleving i seg sjølv. Dette er eit historisk alternativ til den nye stamvegen over Strynefjellet.
Det er eit historisk sus over vegen som vart bygd med handmakt på slutten av 1800-talet. Vegen er ein attraksjon i seg sjølv og vitnemål om eit mesterstykkje innan ingeniørkunst frå ei svunnen tid.
Gamle handlaga murar av nøye tilhogge stein og lange rekkjer av stabbesteinar kjenneteiknar strekninga over fjellet. Turistvegen mellom Austlandet og Vestlandet vart freda i 2009.
Vegen er stengt
Reiseinformasjon
- Lengde
- 27 km
- MOH.
- 465 – 1139
Nasjonal turistveg Gamle Strynefjellsvegen går mellom Grotli og Videsæter [258]. Den vesle staden Hjelle har og ein viktig rolle for turistvegen då gamlevegen starta ved brygga i Hjelle.
For syklisten: Gamle Strynefjellsvegen er ei relativt kort strekning med anbefalt start på Grotli. Deler av strekninga går på grusveg.
Veg og trafikkinformasjon
- GPS, Grotli:
- 62.013444, 7.630327
- GPS, Videsæter:
- 61.937043, 7.264409
Gamle Strynefjellsvegen er stengt i vinterhalvåret. Strekninga er normalt stengt i september til juni. Tidlegare stengingar har vore 15. september til 11. oktober. Tidlegare opningar har vore 15. juni til 29. juni.
Det er viktig å merke seg at når vegane opnar for sommaren kan dei i ein periode bli stengt om natta. Våren er lunefull i fjellet og vegen kan ved uvær bli stengt på kort varsel.
Når vegen er vinterstengt vil strekninga bli vist med rød strek i kartet.
Strekninga er tidvis smal og svingete og har restriksjonar. Køyretøy over 8 meter og med akseltrykk over 8 tonn får ikkje lov til å køyre Gamle Strynefjellsvegen på strekninga Grotli - Vestland grense.
-
Bilde 1 av 10: Vegen har imponert reisande i over 100 år. Tar du turen på sykkel får du verkeleg igjen for innsatsen på Norges eldste turistveg. Foto: Jarle Wæhler, Statens vegvesen -
Bilde 2 av 10: Mellom Grotli i Skjåk og Videdalen i Stryn. Foto: Jarle Wæhler, Statens vegvesen -
Bilde 3 av 10: Høstfarger ved Vassvendtjønnin, nær vegens høyeste punkt. Foto: Silja Lena Løken, Statens vegvesen -
Bilde 4 av 10: Videdalen. Foto: Roger Ellingsen, Statens vegvesen -
Bilde 5 av 10: Videfossen. Foto: Jarle Wæhler, Statens vegvesen -
Bilde 6 av 10: Jøl bru fra 1883, Hjelledalen i Stryn. Foto: Trine Kanter Zerwekh, Statens vegvesen -
Bilde 7 av 10: Øvstefossen. Foto: Werner Harstad, Statens vegvesen -
Bilde 8 av 10: Hjelledalen. Foto: Helge Stikbakke, Statens vegvesen -
Bilde 9 av 10: Segestad. Foto: Werner Harstad, Statens vegvesen -
Bilde 10 av 10: Hjelle. Foto: Werner Harstad
Opplevingar
Då turismen tok til for fjordbygdene dei siste tiåra av 1800-talet, dukka tankane opp om ein køyreveg over Strynefjellet. I 1881 vart det difor vedteke å byggje ein veg. Folk frå Skjåk og omkringliggande bygder, svenske rallarar og anleggsarbeidarar frå Gudbrandsdalen arbeidde ti timar lange dagar for å gjera ferdig vegen i perioden 1889- 1894. Gamle Strynefjellsvegen er ein tidstypisk chaussé med handlaga murar og stabbesteinar i lange rekkjer langs vegen. Dette er autovern frå ei tid då hest og kjerre var vanlegare enn bil.
Landskapet rundt vegen byr på varierte fotturar. Gå langs dei mange fjellvatna, vandre på gamle ferdselsvegar eller ta ein fottur til ein av fjellgardane i området. Frå Gamle Strynefjellsvegen er det ein fin køyretur ned til Hjelle, den idylliske bygda ved Strynsvatnet nedst i Hjelledalen.
Nyttige lenker
-
Offisiell reiseguide for Norge
-
Kart med info om sove, spise og gjøre
-
Reis med buss, tog, ferge, trikk, bane og fly
De 18 nasjonale turistvegene
Nasjonale turistveger er kjøreturer gjennom vakker norsk natur. Opplevelsen forsterkes med nyskapende arkitektur og tankevekkende kunst på tilrettelagte utsiktspunkter og rasteplasser.