Vøringsfossen.
Vøringsfossen. Foto: Harald Christian Eiken

Frå høgfjellsplatå til vestlandsnatur

Ei kontrastfylt reise frå store vidder til møte med det vestlandske fjordlandskapet. Vøringsfossen og Måbødalen er ein barsk overgang frå aust til vest. 

Hardangervidda byr på varierte opplevingar, frå der vegen bølgjer seg dovent over dei store flatene til den tronge, bratte og ville Måbødalen, før du plutseleg ikkje lenger er på høgfjellet, men i den vesle bygda Eidfjord inst i Hardangerfjorden.

På vinterstid endrar tilhøva seg over fjellet frå time til time. Ofte kan du oppleve kolonnekøyring bak store brøytebilar som strevar med å gjere vegen køyrbar.

Reiseinformasjon

Lengde
67 km
MOH
0 - 1250

Nasjonal turistveg Hardangervidda går mellom Eidfjord og Haugastøl. Hardangervidda er open for trafikk heile året.
For syklisten: Turen har naturleg start på Haugastøl. Vær merksam på tunge og lette køyretøy i sommartrafikken. På grunn av fleire tunellar er vegen er stengt for syklistar ned Måbødalen. Ta evt. buss og fortsett turen til Eidfjord og vidare mot vest. Den gamle vegen er stengd pga. fleire ras. Turen går høgt til fjells og veret kan være omskifteleg sjølv på sommarstid.

Veg og trafikkinformasjon

GPS, Haugastøl:
60.510968, 7.851115
GPS, Eidfjord:
60.454921, 7.09246

Vegen kan være stengd over fjellet i kortare periodar ved dårlig ver om vinteren. Om vinteren kan vegen over vidda bli stengd for at villreinen skal få beite i fred.

Opplevingar

Køyreturen går over det største høgfjellsplatået i Nord-Europa. Her møter du dei store viddene, djupe, frodige dalar, høge fjell, isbrear i det fjerne, fossar og blågrøne fjordar.

Opplev Vøringsfossen, Norges mest kjente foss. Vatnet som drønner ned fjellsida i fritt fall på 182 meter er eit imponerande syn. Strekninga gjennom Måbødalen er ein fantastisk del av vegen og kan nytast gjennom bilvindauget. Her veks også ein sjeldan og vakker flora. Oppe på høgfjellsplatået får du eit imponerande panorama med Hardangerjøkulen i bakgrunnen.

Terrenget egner seg godt for fotturar, og dei mange fjellvatna gir deg høve til å skaffe din eigen middag, dersom fisken bit. På Hardangervidda finn vi også ein av dei største villreinstammane i Europa. Har du tolmod og hellet med deg kan du sjå dei fantastiske dyra i sitt rette element.

 

Statens vegvesen bygger infrastruktur i form av rasteplassar og utsiktspunkt langs Nasjonale turistvegar. Kontakt lokalt og regionalt reiseliv for spørsmål angående turistinformasjon.

De 18 nasjonale turistvegene

De nasjonale turistvegene strekker seg fra Varanger i nord til Jæren i sør. Langs vegene ligger utsiktspunkter og rasteplasser med nyskapende arkitektur i vakker natur som gir opplevelser som frister til lengre opphold og nye besøk.

Se alle turistvegene