Nattlig utsikt over Trollstigen, Nasjonal turistveg Geiranger – Trollstigen.
Nattleg utsikt over Trollstigen. Foto: Jarle Wæhler, Statens vegvesen

I slyng langs stupbratte fjell

Ei køyreoppleving langs ein tradisjonsrik turistveg i dramatisk vestlandsnatur med høge fjell og djupe fjordar, som lokkar både bil- og båtturistar.

Geiranger-Trollstigen byr på fleire høgdepunkt, og det er lett å få høg puls i dei elleve snirklete svingane i Trollstigen eller når du skodar utover frå Ørnesvingen ned mot Geirangerfjorden.

Frodige dalar, lune jordbærbygder, stupbratte fjell og utkikkspunkt gir både sug i magen og nokre av dei beste utsiktene Norge kan by på. Sett av god tid til turen, pausane er kjærkomne, same om du vil utfordre deg sjølv med ein topptur eller berre nyte synet.

Reiseinformasjon

Lengde
104 km
MOH.
0 – 1038
Overfarter
1 ferje

Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen går mellom Sogge bru i Romsdalen og Langvatnet [63]. På ein del av strekninga må det nyttast ferje. Det er ferje på strekninga Eidsdal - Linge (klikk på ferjeikonet for rutetider).

For syklisten: Turen er ein krevjande høgfjellstrekning med tidvis lange og bratte stigningar og nedkøyringar. Den lettaste sykkelturen er med start frå Grotli. Det er mykje trafikk på strekninga i høgsesongen, legg gjerne turen til tidleg juni eller september.

Veg og trafikkinformasjon

GPS, Sogge bru:
62.53207, 7.736939
GPS, Langvatnet:
62.014219, 7.393992

Strekninga mellom Langvatnet til Geiranger er normalt vinterstengt i november til mai. Tidlegare stengingar har vore 18. november til 9. januar. Tidlegare opningar har vore 9. mai til 17. juni.

Trollstigen er normalt vinterstengt i oktober til mai. Tidlegaste opning er 11. mai og seinaste opning er 12. juni. Tidlegaste stenging er 30. oktober og seinaste stenging er 7. desember.

Det er viktig å merke seg at når vegane opnar for sommaren kan dei i ein periode bli stengt om natta. Våren er lunefull i fjellet og vegen kan ved uvær bli stengt på kort varsel. 

Når vegen er vinterstengt vil strekninga bli vist med rød strek i kartet.

Strekninga i Trollstigen har restriksjonar for lengde på buss. Maksimal lengde er 13,1 meter.

Opplevingar

Trollstigvegen har i fleire hundre år vore viktig for ferdselen mellom Valldal og Åndalsnes. Først som ein sti, deretter som rideveg heilt fram til Trollstigvegen vart starta i 1916. Delar av den opprinnelege kløvstien er framleis synleg og farbar til fots.

Med ferje på fjorden kan du komme tett på dei kjente fossefalla Dei Sju Systre, Friaren og Brudesløret og samtidig oppleve den mest berømte fjorden i verda, Geirangerfjorden, som er på UNESCO si verdsarvliste.

Nasjonal turistveg Geiranger -Trollstigen gir eit vell av turmogelegheiter i eventyrleg fjell- og fjordlandskap. Ein flott, men særs bratt tur er turen opp til den maleriske garden Skageflå som startar med båt ut Geirangerfjorden. Stien frå Trollstigen opp til Bispevatnet innbyr til ein roleg tur under dei mektige fjella. Ved foten av Trollstigen kan du gå ein enkel rundtur langs den brusande elva.

Nyttige lenker

De 18 nasjonale turistvegene

Nasjonale turistveger er kjøreturer gjennom vakker norsk natur. Opplevelsen forsterkes med nyskapende arkitektur og tankevekkende kunst på tilrettelagte utsiktspunkter og rasteplasser.

Se alle turistvegene