Jærstrendene har sin tydelege karakter same kvar du køyrer.
Jærstrendene har sin tydelege karakter same kvar du køyrer. Her ved Reve. Foto: Roger Ellingsen, Statens vegvesen

Høg himmel

Ei reise gjennom særprega kulturlandskap og idylliske kystbyar langs Nordsjøen.

Dette er ein veg som skil seg litt ut frå mange av dei andre turistvegane, vegen er rett og slett ein real bruksveg. Det som kanskje gir dei sterkaste inntrykka, må du nesten stoppe bilen for å oppleve, eller ta deg tid til å kjøre på nokre av dei små sidevegane. Kystlandskapet er eineståande og noko du ikkje finn andre stader i Norge. 

Avstikkarar ned til rullesteinar og sanddyner gir spennande opplevingar av hav og lys, fyr og kulturminne. 

Reiseinformasjon

Lengde
130 km
MOH.
0 – 274

Nasjonal turistveg Jæren går mellom Bore og Flekkefjord [507] [44]. Av de mange fyra som ligg langs Jærkysten er fyret på Kvassheim ein fin avstikkar.

For syklisten: Dette er ein sykkeltur tett på Nordsjøen. Ver merksam på at vind kan vera ei utfordring på sykkel i det opne landskapet. Ønsker du ein rolegare veg kan du følgje Nasjonal sykkelrute 1 «Kystruta» på «utsida» av turistvegen. Denne biten er også ein del av den europeiske sykkelruta «North Sea Cycle Route» Eurovelo 12.

Veg og trafikkinformasjon

GPS, Bore:
58.791251, 5.596858
GPS, Flekkefjord:
58.297222, 6.672724

Opplevingar

På Jæren finn du dei lengste sandstrendene i Norge, heile 70 km lange strekningar av sanddyner med si eige flora og fauna. Dei flate strendene egner seg godt til fine fotturar og heile den lange kystlinja kan du utforske til fots.

Det har vore mange forlis langs Jærkysten og den spesielle kystlina gjorde det nødvendig å utvikle eigne redningsteknikkar. Kvassheim fyr blei bygd med tåkehorn for å leie skipstrafikken trygt forbi Jærkysten. Fyret ligg fint til ut mot det opne storhavet og er i dag ope for alle som vil ta ein pause og lære.

Nyttige lenker

De 18 nasjonale turistvegene

Nasjonale turistveger er kjøreturer gjennom vakker norsk natur. Opplevelsen forsterkes med nyskapende arkitektur og tankevekkende kunst på tilrettelagte utsiktspunkter og rasteplasser.

Se alle turistvegene