Utsikt over Geiranger frå Flydalsjuvet.
Utsikt over Geiranger frå Flydalsjuvet. Foto: Steinar Skaar, Statens vegvesen

GPS, Flydalsjuvet:
62.089302, 7.223597

Delvis tilgjengeleg for rullestol.

Toaletta er opne frå midten av mai til midten av oktober. Tømming av toalett frå bubil og campingvogn er ikkje tillat.

Rasteplassen ligg ved den bratte fjellsida innerst i Geirangerfjorden og er eit av mange storslåtte utsiktspunkt ved Geirangerfjorden.

Herfrå ser du Laushornet på 1502 meter og Eidshornet på 1629 meter. Fleire hundre år gammalt laftetømmer frå ein hestestall er brukt i bygginga av toalett og informasjonspunkt.

Utsiktspunktet ved Flydalsjuvet er utforma i eit øvre og nedre nivå med gangbane i mellom.

 

Arkitekt: 3RW - Sixten Rahlff

Landskapsarkitekt: Smedsvig Landskapsarkitekter AS