Allmannajuvet.
Allmannajuvet. Foto: Fredrik Fløgstad, Statens vegvesen

GPS, Allmannajuvet:
59.65261189, 6.46475341

Delvis tilgjengeleg for rullestol.

Toaletta er opne frå 1. mars til 1. desember. Tømming av toalett frå bubil og campingvogn er ikkje tillat.

Sinkgruvene i Allmannajuvet er eit nedlagt gruveanlegg i Sauda. Gruvene var i drift frå 1881 til 1899.

I denne perioden vart det vunne ut 12 000 tonn med sinkmalm. I dag er gruveområdet eit museum. Dei enkle bygningane i juvet er laga i ein industriell byggjetradisjon som husar forteljinga om gruvene. Attraksjonen består av eit galleri, gruvekafé, toalett, parkering, stiar og trapper.

Kafeen og galleriet i Allmannajuvet er open frå 20. juni - 18. august frå kl. 10.00 - 16.00. Det er guida tur langs gruvevegen og inn i sjølve gruva kvar dag i sesongen kl. 11.00 og kl. 13.00.

Påmelding i kafeen seinast 15. min før eller til post@visitsauda.no. Du vil bli utstyrt med hjelm og lykt. Ta på gode sko. Guiden snakkar engelsk og norsk og turen varer i ca. 1,5 time. Pris: Vaksne kr. 170,-. Barn kr. 120,- Familie (2+2) kr. 450,-.

Arkitekt: Zumthor & Partner (Atelier Peter Zumthor & Partner)