Toalettbygget i vinterlandskap.
Toalettbygget har eit venterom med glasveggar og eit spesielt glastak med lyssetjing. Foto: Bjørn Andresen, Statens vegvesen

GPS, Kvanndal:
60.471182, 6.609585

Tilgjengeleg for rullestol.

Toaletta er opne frå byrjinga av mai til slutten av oktober. Tømming av toalett frå bubil og campingvogn er ikkje tillate.

Kvanndal er eit fint stopp mellom Granvin og Norheimsund. Her er det toalettbygg og rasteplass med nærkontakt til Hardangerfjorden.

Frå Kvanndal går det ferje til Utne der ein kan ta ferje vidare til Kinsarvik for dei som vil oppleva ein fin båttur i det vakre fjordlandskapet.

Toalettbygget på Kvanndal har ein spesiell takkonstruksjon med lyssetjing som gir bygget særpreg på kveldstid. Bygget er ope heile året.

Arkitekt: Sivilarkitekt Tordis Hoem as