Tyrvefjøra rasteplass. Foto: Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen
Tyrvefjøra rasteplass. Foto: Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen

GPS, Tyrvefjøra:
60.432768, 6.4424781

Tilgjengeleg for rullestol.

Toaletta er opne frå byrjinga av mai til slutten av oktober. Tømming av toalett frå bubil og campingvogn er ikkje tillat.

I ei lita bukt utanfor Ålvik langs Hardangerfjorden har Statens vegvesen bygd eit eventyrleg toalett ingen har sett maken til.

Den spektakulære rasteplassen ligg idyllisk til og er eit flott stopp på turistvegen i Hardanger. Servicebygget består av to separate toalett bygd av furustammer og betong med eit stort tak som «svevar» over landskapet.

Plassen er opparbeida med sittebenkar og gang- og grøntareal, og frå svaberga kan ein nyte utsikta over fjordlandskapet og den vakre Hardangerfjorden.

Namnet Tyrvefjøra kjem truleg av norrønt tyrvi eller tyrvið, eit ord for daud furuved full av harpiks og difor veleigna som brensle. Slik sett kan det jo passa med eit toalettbygg der nett furua har ein sentral plass

Arkitekt: Helen & Hard