Hereiane rasteplass ved Hardangerfjorden, Nasjonal turistveg Hardanger, fylkesveg 550 i Jondal.
Hereiane rasteplass ved Hardangerfjorden. Foto: Roger Ellingsen, Statens vegvesen.

GPS, Hereiane:
60.3290127, 6.33855315

Tilgjengeleg for rullestol.

Toaletta er opne frå byrjinga av mai til slutten av oktober.

Toalettet på Hereiane mellom Svåsand og Herand i Hardanger er eit av dei mest spektakulære rasteplasstoaletta i Norge.

Rasteplassen på Hereiane ligg på Folgefonnhalvøya, i eit område med glatte svaberg og krokete furutre heilt frå fjorden og opp til høgfjellet. Toalettbygningen på plassen er spesiell og kombinerer gamle skifertradisjonar med betong og glas i sterke fargar.

Landskapsarkitekt: 3RW - Susanne Puchberger