Rasteplass og utsiktspunkt Skjervsfossen

GPS, Skjervsfossen:
60.588169, 6.634626
Delvis tilgjengeleg for rullestol.
Toaletta er opne frå byrjinga av mai til slutten av oktober.
På vegen mellom Granvin og Voss ligg Skjervsfossen. Skjervsfossen er ein av to fossar tett i tett med eit fall på 150 meter.
Skjervsfossen byr på eit varsamt tilrettelagt nettverk av stiar, trapper, utsiktspunkt, kvileplassar, rast og parkering. Opplevinga av fossen varierer ut frå ståstad i landskapet, ver, årstider og vassmengde. Ved foten av fossen kan du oppleve ”Dusjen”, eit vakkert landskapsrom der kreftene frå fossefallet buldrar i kroppen. Her er det, som namnet seier, ikkje vanskeleg å få seg ein dusj når fossen er stor.
Vegen er stengt





