Espenes, Nasjonal turistveg Hardanger. Foto: Fovea.Studio
Espenes, Nasjonal turistveg Hardanger. Foto: Fovea.Studio

GPS, Espenes:
60.2899274, 6.6314188

Tilgjengeleg for rullestol.

Toaletta er opne frå byrjinga av april til midten av oktober. Tømming av toalett frå bubil og campingvogn er ikkje tillat.

Rasteplass med utsiktspaviljong og toalett.

Espenes er eit flott stopp ved Sørfjorden på vegen mellom Kinsarvik og Odda. I dette mektige fjordlandskapet finn du eit moderne turistveganlegg med god utsikt nordover fjorden.

Det særeigne ved rasteplassen er ein 64 meter lang og 4 meter brei takkonstruksjon i stål med 12 takmodular i ulik høgde. Under taket er det toalett og sitjeplassar der du kan nyte utsikten og ta ein god rast.

Arkitekt: Code arkitektur