Juvo rasteplass er ein stad for opplevingar tett på dramatisk natur. Foto: Nasjonale turistveger, Statens vegvesen

Ved riksveg 13, like nord for Nesflaten i Suldal kommune, ligg Juvo rasteplass – ein liten stoppestad i eit dramatisk landskap. Rasteplassen med utsiktspunkt ligg i tilknyting til eit stykke historisk veg som er bygd ved Kvelven tunnel langs fjellsida i Brattlandsdalen. Rasteplassen er forma med enkle, diskrete grep som tilpassar seg vegetasjonen og det eksisterande terrenget.

Tre mennesker står på to ulike utsiktspunkt og ser på juv og elva som renner forbi.
Frå utsiktspunkta kan publikum sjå juv og elveløpet som renn forbi. Foto: Nasjonale turistveger, Statens vegvesen

Målet med prosjektet er å leggje til rette for at fleire kan oppleve det historiske veganlegget og det bratte landskapet på ein trygg måte. Frå to utsiktspunkt kan publikum beundre juv og jettegryter og det spektakulære elveløpet som brusar forbi. Robuste og stadstilpassa sitjemøblar i eik inviterer til pausar og er plasserte i terrenget. Ein liten spasertur langs gamlevegen tek dei besøkande til Kvelventunnelen, ein av dei første vegtunnelane som vart bygde i Noreg. Rasteplassen har kapasitet til fem personbilar, der éin er HC-plass.

Luftfoto av rasteplassen som ligger tett på juv og elv.
Rasteplassen er forma med enkle, diskrete grep. Foto: Nasjonale turistveger, Statens vegvesen

Torbjørn Indrebø, varaordførar i Suldal kommune, sto for den offisielle opninga og takka Statens vegvesen ved Nasjonale turistvegar, landskapsarkitektane og entreprenøren for strålande utført arbeid.

– Ein rasteplass er ein stad der vegfarande trygt kan stoppe for å kvile eller ete. Juvo rasteplass er ein rasteplass med mykje attåt. Her er det gamle ivareteke og saumlaust sett saman med nytt. Dette er ein severdigheit og ein attraksjon. Ein fantastisk flott rasteplass, sa Torbjørn Indrebø, varaordførar i Suldal kommune.

Seks personer står samlet, ordfører klipper snora.
Offisiell opning. Fv. Thor Herman Larsen (Landskapsentreprenørene AS), landskapsarkitekt Anne Truelsen Schultz (ATSITE AS), varaordførar i Suldal kommune Torbjørn Indrebø, Fredrik Fløgstad (Statens vegvesen), landskapsarkitekt Imke Wajonowski (ATSITE AS) og Egil Johansen (Landskapsentreprenørene AS). Foto: Nasjonale turistveger, Statens vegvesen

– Eg er sikker på at rasteplassen i seg sjølv vil føre til auka mengd besøkande. Dette er positivt for Nesflaten og for kommunen, som gjennom dette vil få auka handel. Snart ser me magiske bilete herfrå i sosiale medium, og eg ser ikkje vekk frå at me vil sjå brudebilete herfrå, eller at eg eller ordføraren må hit for å vie nokon, sa Indrebø.

Fire eldre damer serverer kaffe, kakao og bast til publikum.
Øvre Suldal Sanitetsforening sto for serveringa. Foto: Nasjonale turistveger, Statens vegvesen

– Vi er svært glade for opninga av Juvo rasteplass! Dette er endå ein attraksjon langs Nasjonal turistveg Ryfylke, ei satsing som har hatt stor tyding for reiselivet i regionen. Turistvegen gjev oss synlegheit og stoppeffekt, og arbeidet vårt handlar om å utvikle produkt og opplevingar som gjev liv i kasseapparata langs heile ruta, sa Liv Jorunn Tjelmeland, reiselivssjef i Visit Ryfylke.

Tidlegare turistvegprosjekt etablert langs den nasjonale turistvegen er Allmannajuvet, Svandalsfossen, Ropeid, Ostasteidn, Flesefossen, Høse bru, Lovra og Høllesli.

Byggherre: Statens vegvesen 
Landskapsarkitekt: ATSITE AS
Entreprenør: Landskapsentreprenørane AS