Rasteplassen Vardestopp er den første rasteplassen ein møter når ein kjem frå aust og vil fungere som ein liten portal inn i Hardangervidda nasjonalpark. Landskapsarkitekt: Bjørbekk & Lindheim AS. Foto: Harald Christian Eiken

Langs rv. 7 i Hol kommune i Buskerud fylke ligg rasteplassane Vardestopp og Ørteren vakkert til med god sikt mot Hardangerjøkulen på klarvêrdagar. Dei to plassane utforma av landskapsarkitektane Bjørbekk & Lindheim har no fått sitt nødvendige løft til glede for vegfarande turistar over Hardangervidda.

To ungjenter sitter på rastemøbler i betong og ser på utsikten over fjellheimen.
Ørteren rasteplass har kapasitet for seks parkeringsplassar, fleire sitjeplassar langs kanten og ved to bord der ein kan ta ein pause og nyte naturopplevingane. Landskapsarkitekt: Bjørbekk & Lindheim AS. Foto: Harald Christian Eiken

Henta frå former i landskapet

-Rasteplassane Vardestopp og Ørteren er utforma etter same lest i eit forsiktig og lågmælt uttrykk med mottoet «LA VERE» som utgangspunkt, det vil seie at anlegga er laga med så små inngrep i naturen som mogleg, fortel landskapsarkitekt Nuno Almeida i Bjørbekk og Lindheim Landskapsarkitekter MNLA.

Idegrunnlaget for sjølve utforminga av rasteplassane er henta frå former i landskapet og frå tradisjonell og stadtypisk kunst og kultur. Det berande elementet i konseptet er ein «Krage» med inspirasjon frå gamal bondekultur og Hardangersaum.

-Betongkragen er rettlinja og stram inn mot veganlegget, og buktar seg i ei organisk mjuk linje ut mot det naturlege landskapet og skaper varierte og unike små tilhaldsstader, seier han.

Rastemøbler i betong med runde former.
Den bølgjande forma skaper varierande sitjeplassar med ulike utsiktspunkt mot innsjøen Ørteren. Landskapsarkitekt: Bjørbekk & Lindheim AS. Foto: Harald Christian Eiken

Vann designkonkurransen

Statens vegvesen gjennomførte ein avgrensa plan- og designkonkurranse for tre rasteplassar langs Nasjonal turistveg Hardangervidda i 2021. Bjørbekk & Lindheim vann konkurransen med konseptet «LA VERE»

Ifølgje juryen hadde vinnarkonseptet «LA VERE» den rette forståinga av og respekten for det særeigne landskapet på Hardangervidda. Landskapsarkitektane minte om at urørd natur er under sterkt press og at det ikkje er meir villmark å miste.

Luftfoto av rasteplassen Vardestopp ved riksveg 7 over Hardangervidda.
Ørteren rasteplass langs Nasjonal turistveg Hardangervidda. I nord dominerer Hallingskarvet utsikta. Landskapsarkitekt: Bjørbekk & Lindheim AS. Foto: Harald Christian Eiken

Nasjonale turistvegar

I juni 2025 er det 32 år sidan Stortingets oppfordring om å sjå nærmare på kombinasjonen veg og reiseliv for å styrke Norge som reisemål. Dette blei starten på ei målretta satsing på Nasjonale turistvegar med Statens vegvesen i førarsetet.

Resultatet er ein attraksjon med internasjonal appell. Langs 18 Nasjonale turistvegar frå Jæren i sør til Varanger i nord, får dei vegfarande gode naturopplevingar av kyst, fjell, fjord og foss forsterka med nyskapande arkitektur og tankevekkande kunst på tilrettelagte utsiktspunkt og rasteplassar.

Landskapsarkitekt: Bjørbekk & Lindheim AS
Entreprenør: GTS AS
Byggherre: Statens vegvesen
Fullført: 2025