Trollstigvegen er stengd ut året pga steinsprang. Vegen er stengd for all ferdsel, gjelder alle motoriserte køyretøy, syklande og gåande! 

Vegen er open til Trollstigplatået frå Langvatnet via Valdal. Kafeane våre på Gudbrandsjuvet og Trollstigplatået med utsiktspunkt er opne for publikum.
Vegen er open fram til Trollstigfoten.

Kart som viser alternativ kjørerute til Trollstigplatået.
Illustrasjon: Statens vegvesen

Køyrande til/ frå Nasjonal turistveg Atlanterhavsvegen kan nytte ferje Molde-Vestnes eller køyre via Åndalsnes.

Åndalsnes-Linge 106 km/ 1 h 36 min.
Vestnes-Linge 67 km/ 1 h.
Linge-Trollstigen 39 km/ 42 min

Trollstigen kafè

Trollstigen kafe.
Serviceanlegget inneheld både kafe, suvenirbutikker, toalett og parkering. På Trollstigplatået kan du vandre langs elva ut til spektakulære utsiktspunkt. Kafèen er open kvar dag kl. 10.00-18.00. Suvenirbutikken er open kvar dag kl 09.00-20.00. Foto: Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen

Cafe Juvet

Cafe Juvet.
Kafèen ligg vakkert til i Valldalen. Her kan du oppleve juvet og den brusande elva Valldøla. Cafe Juvet er open kvar dag frå kl. 10.00-17.00. Foto: Roger Ellingsen, Statens vegvesen