Juvo

Ved riksveg 13, nord for Nesflaten, ligg Juvo rasteplass – ein liten stoppestad i eit dramatisk landskap.

Landskapsarkitekt:
Atsite AS
Fullført:
2025
To menn og ei kvinne står og ser utover elv og juv fra et utsiktspunkt.
Juvo rasteplass er ein stad for opplevingar tett på dramatisk natur. Foto: Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen

Rasteplassen er knytt til eit stykke historisk veg som er spektakulært bygd med Kvelven tunnel langs den bratte fjellsida i Brattlandsdalen.

Juvo rasteplass er forma med enkle, diskre grep som tilpassar seg eksisterande terreng og vegetasjon, og skaper rom for opphald, opplevingar og ei vandring i landskapet. Prosjektet løfter fram både historia og naturen i ei heilskapleg tilnærming. Det tradisjonelle vegrekkverket langs Gamlevegen er bevart og inngår i ein dialog med eit nytt, slik at fortida og notida vert fletta saman.

Det historiske vegrekkverket rundt parkeringslomma er opna opp mellom stabbesteinane,  og føydd saman med det nye som slyngjer seg elegant utover knausen. Det reagerer på terrenget sine former og speglar både rørsla i elva og den dynamiske forma til juvet.

Den besøkande vert invitert ut på to utsiktspunkt som strekkjer seg eit ekstra steg ut over kanten. Frå desse punkta kan ein beundre dei dramatiske fjellformasjonane i juvet med jettegrytene i botnen, og lytte til den livlege lyden av vatnet som brusar gjennom dalen.

Robuste, stadstilpassa sitjeelement i eik er plasserte i terrenget, og inviterer til pausar med nær kontakt med skogbotnen og storslått utsikt. Prosjektet oppmodar dei besøkande til å fordjupe seg i naturen, samstundes som dei får eit innblikk i kulturhistoria i området.

Juvo er ikkje berre ein stoppestad – det er eit rom for opplevingar, der ein kan trekke pusten, strekke beina og la blikket vandre oppover og nedover dalen – eit landskapsrom forma av naturkrefter og rørsle.  

Til Juvo