Røyrnes rasteplass skal stå ferdig hausten 2026. Illustrasjon: Jensen og Skodvind Arkitektkontor AS

Som del av satsinga på Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet blir det etablert ein ny rasteplass på Røyrnes. Rasteplassen er ein populær stoppestad for både turistar og lokale og ligg vakkert til ved Lærdalsfjorden ca. fire km vest for Lærdalsøyri.

Sju menn sitter rundt et bord.
Frå oppstartsmøte: Fv. Jan Olav Jensen, arkitekt, Jensen & Skodvin AS, Roger Thorstad, byggeleiar, SVV/NT, Per Finborud, prosjektleiar, SVV/NT, Ola Ulvolden, prosjektleiar, hovudentreprenør, Brun Bygg AS, Simen Løken, anleggsleiar, Brun Bygg AS, Pål Erik Øygarden, betongarbeid, Massivbetong AS og Rune Holt, grunnarbeid og utvendig VA, Rune Holt AS. Foto: Nasjonale turistveger, Statens vegvesen

- For oss i Brun Bygg er dette eit viktig prosjekt der vi får nytta kjernekompetansen og erfaringa vår frå liknande prosjekt. Turistvegprosjekta er aldri «A4», dei er både utfordrande og spennande, her får vi nytta kompetansen vår innan fleire fagfelt og utfordra både eigne tilsette og underentreprenørar, seier Ola Ulvolden, prosjektleiar i Brun Bygg AS.

Toalettbygg og rastemøbler, trapp ned til fjorden.
Røyrnes rasteplass ligg vakkert til ved Lærdalsfjorden. Illustrasjon: Jensen og Skodvind Arkitektkontor AS

Målet med prosjektet er å gjere rasteplassen sikrare med regulert av- og påkøyring frå fylkesvegen. Det blir etablert eit nytt toalettbygg og tilrettelagde opphaldsareal med møblar og god plass for ein rast. Toalettbygget skal ha HC-WC og to unisex-toalett, samt eit teknisk rom. Rasteplassen får betre tilgang til fjorden med terrengtrapp og ei rastetrapp der ein kan sitte å nyte utsikta utover fjorden. Rasteplassen får også god kapasitet for renovasjon.

Den nye rasteplassen får kapasitet til 11 personbilar, fem bubilar og ein HC-plass. Prosjektet er planlagt å stå ferdig hausten 2026.

Byggherre. Statens vegvesen Nasjonale turistveger
Arkitekt: Jensen og Skodvin Arkitektkontor AS v/ Jan Olav Jensen